Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. NOVEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris frå Rogaland Mållag

 (24.06.2015)

Elin Wetås de Jara, kommunikasjonssjef i Time kommune, har fått målprisen for 2014 av Rogaland Mållag. Prisen vart overrekt av Magne Viggo Høyland, leiar i Rogaland Mållag, i høve kommunestyremøtet i Time kommune i juni.  

Elin Wetås de Jara har som kommunikasjonssjef i Time kommune utmerka seg med godt språk i arbeidet sitt i kommunen.

– Ho bruker nynorsk i det daglege arbeidet på ein framifrå måte. Arbeidet hennar i Time kommune har vore særs viktig for å halda nynorsken ved like i informasjonsflyten i kommunen. Det same kan seiast om arbeidet med heimasida til kommunen. Metodane Time kommune nyttar for å sikra godt språk i informasjonsflyten, kan med fordel og nyttast av andre kommunar, seier Magne Viggo Høyland. 

Time kommune fekk samstundes overrekt Grunnlova på nynorsk i glas. Kommunen skal ha sin del av æra for tilrettelegging for språkarbeidet.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no