Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sommar+Bok i Gudbrandsdalen

 (25.06.2015)

Biblioteka i kommunane Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk har i mange år arrangert lesekampanjen Sommar+Bok. For tre år sidan tok det verkeleg av. Då laga dei armband med ulike ordspel på som premie. 

Lesekampanjen er for ungar og ungdom i grunnskulealder, og er kvart år frå om lag midten av juni til 1. september. Deltakarane hentar skjema på sitt lokale bibliotek, og får armband når dei leverer skjema med namnet på fem bøker dei har lese. Di fleire bøker, di flottare armband. I fjor fekk dei inn skjema med så mykje som 5000 titlar! Hovudpremien i kampanjen er ein iPad, som vert trekt på avslutningshøgtida og premieutdelinga i september.

I år vonar dei på minst like stor oppslutnad som i fjor. På dei fire armbanda står det: Sommar+Bok, Æ'ukje mæ? Kjøle kæ'u læs! og Storlesar!

På bloggen http://3visekvinner.blogspot.no/ skriv Rita Mundal, biblioteksjef i Lom, at dei har eit utstrekt og godt samarbeid med skulane, og alle elevane i grunnskulealder er sikra jamlege besøk på biblioteket. Skulejenta Helene "søv nesten ikkje um netn.", og har alt tre av fire armband.

Me ynskjer god lesesommar! 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no