Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bokfjesfredag

 (01.07.2015)

Kvar fredag er det bokfjesfredag på Instagram, og Noregs Mållag er mellom bidragsytarane. 

Bookfacefriday blei starta av New York Public Library i september 2014, medan Levanger bibliotek lanserte den fyrste norske varianten under emneknaggen "Bokfjesfredag". Noregs Mållag har kasta seg på, og instagrammar sjølvsagt berre nynorskbøker.

Også NRK Kultur og underhaldning skriv om denne boktrenden, og har mange gode døme dei dreg fram.

–  Me tykkjer det er viktig å auke merksemda rundt den nynorske litteraturen, og ved å gjere det på ein morosam måte når me ut til enno fleire, seier Erik Grov, organisasjonskonsulent i Noregs Mållag.

–  Men korleis finn de på alle desse ideane?

–  Me har stor tilgang til nynorske bøker her på Skrivarstova. Det gjeld å finne omslag med ansikt eller meir av kroppen. Helst bør motivet verte kutta av omslaget, slik at me kan improvisere utanfor ramma. Etter dette gjev det seg sjølv. Nokre omslag får vi til, andre ikkje. Men bokfjesfredag er nok komen for å bli, seier Erik Grov.

Bli med på moroa, merk bileta dine med #bokfjesfredag og følg Instagram-kontoen til Noregs Mållag: https://instagram.com/noregsmallag/ 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no