Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Forlik mellom UIO og Ordbok-tilsette

 (03.08.2015)

Seks tilsette i Norsk Ordbok varsla søksmål mot Universitetet i Oslo (UiO) for usakleg oppseiing. No har fem av dei inngått forlik med universitetet.

Bakgrunnen for saka er at 23 tilsette i Norsk Ordbok i juni i fjor fekk varsel om at dei ville miste jobben ved utgangen av året. Grunngjevinga var at det var så langt budsjettpengane til Norsk Ordbok rakk, sjølv om prosjektet etter planen skulle bli avslutta 1. mars 2015, fortel Uniforum.

I januar varsla Norsk Tjenestemannslag at dei på vegner av seks tilsette ville gå til sak mot UiO for usakleg oppseiing. Dei fem tilsette som no har inngått forlik unngår med det ei arbeidsrettssak mot universitetet.

Prosjektdirektør i Norsk Ordbok Åse Wetås, som nyleg blei tilsett som direktør i Språkrådet, er ein av dei fem som no har inngått forlik med UiO.

(NPK)
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no