Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. FEBRUAR 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

VOSS + NYNORSK = SANT?

 (28.08.2015)

Er språk og nynorsk viktig for våre lokale folkevalde? Skal vaksne innvandrarar på Voss berre læra bokmål? Voss Mållag inviterer til målpolitisk debatt i Voss kulturhus, torsdag 3. september, klokka 19.00 – 21.00. 

Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, stiller som innleiar og kommentator i debatten.

• Er språk og nynorsk viktig for våre lokale folkevalde?
• Treng kommunen ein målbruksplan, og kvifor?
• Skal vaksne innvandrarar på Voss berre læra bokmål?
• Korleis sikra at Voss også i framtida vert ein av dei største nynorskkommunane i landet.
• Lokal identitet, skule, næringsliv, marknadsføring m.m.

Desse lokale kandidatane stiller i debatten:

Høgre: Iril Schau Johansen 
AP: Hans Erik Ringkjøb 
SV: Arnfinn Gjerdåker 
SP: Sigbjørn Hauge 
Krf: Arne Mosefinn 
MDG: Jan Jøssang 
Raudt: Daniel Mosefinn 
Venstre: Bjarne Rene 
Frp: Stig Frode Soltveit Støle

Ope for alle. Velkomen!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no