Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kommunal nynorsk er viktig for framtida

 (29.08.2015)

Språket er viktig for kultur, identitet og god kommunikasjon. I Sogn og Fjordane har alle kommunar nynorsk som tenestemål, men gjennomføringa på alle nivå i kommunane er ikkje alltid like god. Vi finn mykje «dårleg» språk, særleg på avdelingsnivå.  Om dei som skriv referat og andre skriv, har problem med godt språk, så er det i eit fylke som vårt lett å få hjelp. Det treng ikkje alltid vere leiaren personleg som gjev språkråd, men leiaren har ansvar for å  gjennomføre godt språk for si avdeling.

Kommunane er store tekstprodusentar. Kommunal informasjon, sakshandsaming og politiske vedtak er ein del av den tekstmengda som omgjev oss. Når kommunen er ein nynorskkommune, skal all tekst vere på nynorsk. Utanom sjølve kommunen, så må kyrkje, politi og skattekontor vende seg til publikum på nynorsk. Det er svært viktig å følgje opp dette språkkravet, som og hjelper innbyggarane til å halde på sitt naturlege språk, nynorsk.

Det valde språket i kommunane får og følgjer når ein skal avgjere språket i statlege  regionale føretak, som til dømes store sjukehus.

Vi er inne i prosessar for kommunesamanslåing, og språk kan vere ei stor sak i slike samanhengar. I vårt fylke er det så langt berre nynorskkommunar som er i prosessar, men vi må likevel ha eit vake auge med språket. Om nokon vil endre kravet til språk, så ønskjer vi ikkje overgang til språknøytrale kommunar i vårt område.

Etter kvart får alle kommunar både flyktningar og andre innvandrarar. Desse har rett på språkopplæring, men opplæringsmålet er ikkje regulert i lover, så her må kommunane gjere vedtak. Det er viktig at opplæringsmålet her vert likt det målet barna deira lærer på skulen. Eit opplæringsmål som er likt talemålet, gjer det lettare å komme inn i det norske samfunnet. Rett språkopplæring er viktig for integrering.

Sogn og Fjordane Mållag ser kommunal nynorsk som viktig i komande valperiode og ber om:

  • Ta ein gjennomgang av korleis tenestemålet fungerer i kommunane.
  • Gje kommunale sakshandsamarar tilbod om opplæring, gjerne kursa som  Landssamanslutninga av Nynorskkommunar  (LNK) tilbyr.
  • Vurdere behov for språkbruksplanar for heile den kommunale verksemda.
  • Gjere vedtak om nynorsk opplæringsmål for vaksne innvandrarar.
  • Satse meir på nynorske barne- og ungdomsbøker i barnehage og bibliotek.    

Aud Lunde, leiar i Sogn og Fjordane Mållag 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no