Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Snikinnføring av valfritt sidemål

 (04.09.2015)

  Å snikinnføre valfritt sidemål i Buskerud er feil veg å gå. Det er eit fylke som skrik etter nynorskkompetanse, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Buskerud fylkeskommune har søkt om forsøk med valfritt sidemål for tredje gong. Og kunnskapsministeren er positiv, melder Dagsavisen Fremtiden

– Det er oppsiktsvekkjande at eit forsøk som er så gjennomsyra av ynsket om å få sleppe nynorskundervisning får så positiv omtale frå kunnskapsministeren. I realiteten går forsøket ut på å fjerne det eine av to skriftspråk frå pensum. Endå meir oppsiktsvekkjande er det at Kunnskapsdepartementet ber Utdanningsdirektoratet om å hjelpe Buskerud fylkeskommune med å få til ein betre søknad, seier Marit Aakre Tennø.

Søknaden frå Buskerud fylkeskommune vil fjerne all nynorsk frå pensum, både litteratur og språkopplæring. Det er fritak i seg sjølv som er målet med søknaden, ikkje å faktisk gjere undervisninga betre. Men kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil berre godkjenne forsøk med valfritt skriftleg sidemål.

Det er bra at kunnskapsministeren er så klår på at nynorsk sjølvsagt framleis er ein del av norskfaget og at ein ikkje berre kan stryke vekk delar av språkhistoria og litteraturhistoria vår frå pensum. Men det er uheldig at ein i Buskerud fylkeskommune, med sine 850 nynorskelevar og lange nynorsktradisjon, skal gjere nynorskkompetanse vanskelegare å få tak i.

– Frå kommunalt tilsette i skular og kommunar i Buskerud vert det sagt at mangel på nynorskkompetanse i stillingar som krev slikt gjer at nynorskelevane og nynorskbrukarane får eit dårlegare tilbod enn brukarane av majoritetsspråket bokmål, seier Marit Aakre Tennø.

– Kunnskapsminsteren vil ha betre sidemålsundervisning og har lova at eit slikt arbeid skal kome. Men i staden for å søke ny kunnskap, trakkar Høgre her berre i gamle spor, slår Marit Aakre Tennø fast.

I tillegg vil Buskerud innføre eit slikt forsøk på toppen av forsøket med færre karakterar i norsk. Noregs Mållag meiner det er uheldig å innføre eit nytt forsøk oppå eit allereie eksisterande, utan at karakterforsøket er skikkeleg evaluert.

Marit Aakre Tennø understrekar at Noregs Mållag er for positive sidemålsforsøk som prøver å fornye og gjerne sidemålsundervisninga betre for elevane og lærarane. Men påpeikar samstundes at forsøk på å uthole norsk språkpolitikk ikkje er av det gode.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no