Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

På jakt etter kandidatar

 (17.09.2015)

Juryen for Nynorsk næringslivspris 2015 inviterer alle til å koma med grunngjevne framlegg til kandidatar som fortener denne prisen.

I statuttane for Nynorsk næringslivspris heiter det:

§ 1 Generelt
Noregs Mållags pris/utmerking for nynorsk i næringslivet er oppretta i styrevedtak 21. oktober 2005. Styret vedtok å dela ut utmerkinga første gong i 2006. Noregs Mållag vil knytte eksterne samarbeidspartnarar til prisen og arbeidet med denne.

§ 2 Føremål
Utmerkinga skal fremja innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd.

§ 3 Om kven som kan få prisen/utmerkinga
Alle typar næringsverksemd som ikkje er omfatta av Mållova kan motta prisen/utmerkinga.

I fjor fekk Kleven Maritime AS prisen, og året før var det Skogstad Sport AS. Her kan du lesa heile prisrekkja og grunngjevingane for tildelingane til Nynorsk næringslivspris sidan 2006. 

Send framlegg til:
Noregs Mållag,
Lilletorget 1
0184 OSLO
eller på e-post til gro.morken@nm.no

Frist for å senda inn framlegg: 20. oktober 2015 

I juryen for Nynorsk næringslivspris sit: Magne Aasbrenn, Nina Refseth, Hilde Lysengen Havro, Nina Berge Rudi og Øystein Skjæveland. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no