Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mindre nynorsk med tingrettssamanslåing

 (30.09.2015)

– Når Domstoladministrasjonen no føreslår nok ei sentralisering av tingrettane i Noreg, pressar dei det nynorske juridiske språket endå meir. Til saman er det no framlegg om å flytta 7 av dagens 13 tingrettar med nynorsk tenestemål ut av nynorskområda og over til område der bokmålet rår, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Det er i dag berre den administrative delen av tingrettane som er underlagd mållova, dommarane nyttar det språket dei vil i rettslege avgjerder.  

Med dei føreslegne samanslåingane vil tingrettane i Valdres og Hallingdal gå frå å ha nynorsk tenestemål til å ha bokmål som tenestemål. Nord-Gudbrandsdalen og Jæren vil få nøytralt tenestemål, noko som i praksis vil seia meir bokmål. Søre Sunnmøre,  Sunnhordland og Hardanger vil halda fram med å ha nynorsk som tenestemål, men vera lokaliserte i bokmålsområde.

– Røynsler frå liknande føretak underlagde mållova, syner at å følgja mållova vert vanskelegare dess lenger vekk frå nynorskområde ein kjem, seier Marit Aakre Tennø.

– I tillegg ser me i dag at slike arbeidsplassar rekrutterer fleire nynorskbrukarar om dei er lokaliserte i nynorskområde. Difor vil ei utflytting av tingrettane frå nynorskområde til bokmålsområde ikkje berre vera uheldig for språket til tingrettsadministrasjonen, men utøvinga av jussen på nynorsk vil òg hamna under press, peikar ho på.

Desse har nynorsk tenestemål dag:
1    Hallingdal (framlegg om å slå saman med Ringerike)

2    Nord-Gudbrandsdal tingrett (framlegg om å slå saman med Sør-Gudbrandsdal tingrett) 

3    Valdres (framlegg om å slå saman med Gjøvik tingrett)
4    Vest-Telemark
5    Fjordane (framlegg om å slå saman med Sogn)
6    Hardanger (framlegg om å slå saman med Bergen)
7    Haugaland
8    Jæren (framlegg om å slå saman med Dalane)
9  Sogn (framlegg om å slå saman med Fjordane)
10  Sunnhordland (framlegg om å slå saman med Bergen)
11  Romsdal
12  Sunnmøre
13  Søre Sunnmøre (framlegg om å saman med Sunnmøre)

 

For meir informasjon: Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, 45 47 17 16, Bilete: http://www.nm.no/styre.cfm?path=10199

Dag Bjørke Bremer, leiar i Juristmållaget, 416 25 182 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no