Ut på vegen att!
(12.10.2015)

Hege Lothe og Synnove Marie Sætre er klare til innsats i Sirdal.
(Foto: Hege Lothe)
Frå 12. oktober til 17. oktober rullar ein stafettbil på vegane på Agder. Fyrste stopp er i Sirdal.
Seinare skal bilen halde fram i Rogaland, og stafetten blir avslutta i Sauda 30. oktober. Stafetten byrjar i Sirdal. På programmet står skulevitjing, barnehagebesøk, møte med rådmannen og eit møte som har som mål å skipe eit lokallag.
– Dette er ein nynorskkommune der Mållaget ikkje har lokallag, men vi drøymer om å starte eitt, fortel Hege Lothe, informasjons- og organisasjonskonsulent i Noregs Mållag.
– Samla sett vil vi vitje sju kommunar som på ein eller annan måte treng å skipe opp att laget sitt, eller dra i gang ny aktivitet. Vi har sagt at det er eit mål å starte opp att minst tre lokallag, seier Lothe, før ho spring av garde til ein ny barnehage, medan Synnøve Marie Sætre, leiar i Norsk Målungdom, allereie er i sin andre klasse på Tonstad skule.
Les meir om Nynorskstafetten 2015
|
|