Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bokmålsbløffen i Buskerud

 (20.10.2015)

Buskerud fylkeskommune arbeider no med ein søknad der elevane på to vidaregåande skular vil kunna velja vekk sidemålsundervisninga.

Fylkespolitikarane er uroa for skrivekunnskapen til elevane i Buskerud, og dei trur at elevane på magisk vis vil verta mykje betre i hovudmålet ved å sleppa sidemålsundervisninga. Lite tyder på at det slår til, då liknande og større prosjekt berre synte ørsmå utslag. Hadde dei verkeleg vore opptekne av kva som kunne betra skrivekunnskapen, så kunne dei ha spurt lærarane ved desse forsøksskulane. Då ville dei truleg ha fått heilt andre svar. Faglege vurderingar er likevel ikkje det dette handlar om. Det handlar om å gje sidemålsundervisninga skulda for alt som er gale i norskfaget. I eit fylke med lange nynorsktradisjonar og stor trong for nynorskkompetanse er det feil veg å gå. 

Undervisningspolitikk er språkpolitikk, noko nynorskmotstandarane alltid har visst. Det er heilt avgjerande for nynorskbrukarane at bokmålsbrukarane meistrar språket deira. Alt i dag er påstått vantande nynorskkompetanse eit trugsmål mot nynorskinstitusjonar, som til dømes kommuneadministrasjon og skuleverk. Framlegget frå Buskerud vil føra til lægre sidemålskompetanse, og leggja stein til børa for nynorsken i Buskerud. Noregs Mållag er ikkje skeptisk til forsøk. Minimumskravet til desse forsøka må like fullt vera at desse endringane er faglege og i tråd med norsk språkpolitikk. Buskerud fylkeskommune har fått avslag på ein liknande søknad tre gonger tidlegare, og seinast i vår ville politikarane laga eit forsøk der ein fjerna all nynorsk frå pensum, inkludert Halldis Moren Vesaas. Formuleringane om innhaldet i forsøket har naturleg nok seinare retta seg etter pålegga frå Utdanningsdirektoratet. Lite tyder på at motiva for søknaden har endra seg tilsvarande.

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no