Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nordisk råds litteraturpris til Jon Fosse

 (28.10.2015)

Jon Fosse er tildelt Nordisk råds litteraturpris for Trilogien (AndvakeOlavs draumar og Kveldsvævd). Han tok sjølv imot prisen i Reykjavik tysdag kveld. 

Etter Tarjei Vesaas i 1964 og Kjartan Fløgstad i 1978 er Jon Fosse den tredje nynorskdiktaren som får denne heideren.

– Tildelinga er høgst fortent. Det er ikkje utan grunn at han også har vore nemnt i samband med dei siste nobelprisane i litteratur, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag. 

– Han skriv på ein særmerkt måte, og den nynorske litteraturen rommar meir og femner breiare med forfattarskapen hans enn utan, seier Gro Morken Endresen, som også trur dette har noko å seie for nynorsken. 

– Særleg som nynorskskrivande dramatikar har han stått i ei særstilling, fordi stykka hans blir spelte over heile verda. Han har også i mange år vore ein tydeleg forsvarar for nynorsken. Det er klart at nynorsken står seg på å ha gode og respekterte ambassadørar. Ein slik pris verkar sakte men sikkert til fordel for nynorsk, i takt med generelt større aksept både i og utanfor Noreg for språkmangfald og dei mindre brukte språka.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no