Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny mållagsaktivitet i Sirdal

 (04.11.2015)

Sirdal Mållag er skipa opp att. I spissen for laget står ein ung leiarduo. Kristina Smedegård er ny leiar og Gunn Iren Josdal er ny nestleiar i laget. 

Sirdal Mållag har siste året hatt fjorten medlemer. Men i arbeidet med oppattskiping av laget har Borghild Løver som arbeider som skrivar for Mållaga på Agder, verva mange medlemer. Etter denne hausten kan det vere mogleg at laget rett og slett vert dobbelt så stort.

Krav om skulemålsrøysting

Og Sirdal Mållag treng all den støtta dei kan få. Tidlegare i haust vart det lagt ut underskriftslister på nokre av butikkane i Sirdal med mål om å samle inn nok underskrifter til å krevje folkerøysting i den største skulekrinsen i Sirdal, Tonstad krins. Det er 30 år sidan førre røysting. Den gongen var det ei veldig stor tilslutning til nynorsk, og sidan den gongen har den avgjerda stått fast.

– No er det fleire foreldre som vil ha folkerøysting med mål om å få bokmål som opplæringsmål, fortel Kristina Smedegård, nyvald leiar i Sirdal Mållag. Ynsket kjem ikkje ifrå skulen eller lærarane.

Nynorsk i barnehagen

– Det skal bli godt å kome i gang med arbeidet, seier Kristina Smedegård, nyvald leiar i Sirdal Mållag. Dei hadde sitt fyrste styremøte for nokre dagar sidan og ville då leggje planar for arbeidet.

– Vi meiner mellom anna at det er viktig å få til eit arbeid som sikrar meir bruk av nynorsk i barnehagen, seier Kristina Smedegård som til vanleg arbeider som lærar på Sinnes skule.

– Både du og nestleiaren din er yngre enn mange andre lokallagsleiarar i Mållaget.

– Ja, eg meiner det er viktig at vi som er unge også er med og tek ansvar for språket. Vi kan ikkje setje oss ned og tenkje at dette får andre ta seg av, seier Kristina Smedegård. 

Bilettekst: Nytt styre i Sirdal Mållag. Frå venstre: Gunn Iren Josdal, nestleiar, Elfrid Ovedal, Ragna Lindeland, Kristina Smedegård og Sven Sandvik. (Foto: Hege Lothe) 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no