Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil ha meir nynorsk kinotekst

 (05.11.2015)

– Når staten krev at filmane som er produserte i Noreg, skal ha tekst på norsk, er det ingen grunn til at det ikkje skal vere krav om nynorsk òg, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Det premiereklare spelefilmen "Hevn" blir distribuert ut til kinoane med undertekstar både på nynorsk og bokmål. Det tykkjer Noregs Mållag er flott, men meiner det ikkje bør vere opp til kvar enkelt filmprodusent å gjere ei slik vurdering.

– Det er særs gledeleg at distributøren Euforia har laga nynorsk teksting. Det vitnar om stort språkleg medvit, og det er eit viktig signal. Det er flest unge folk som går på kino, og dette syner at nynorsk høyrer heime også på kino og i populærkulturen.

Dei siste åra har det vore fleire kinofilmar som har hatt nynorske tekstar. Sidan alle kinoane no er digitale, er kostnadene til teksting på ulike språk kraftig redusert. Når styresmaktene krev at alle norske filmar skal vere teksta, meiner Tennø at dette også bør inkludere nynorsk tekst.

– Effekten i dag er at staten krev bokmålsteksting. Det er urimeleg, meiner Tennø.

– Den digitale utviklinga har kome så langt at tida er overmoden for eit krav om parallellteksting, noko eg håpar styresmaktene òg ser.

For meir informasjon: Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, 45 47 17 16 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no