Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kvinnestyre i Åseral

 (06.11.2015)

Åseral er éin av to nynorskkommunar i Vest-Agder. I fleire år har det ikkje vore noko mållag i Åseral, men denne hausten vart laget skipa opp att.

Og jammen slår ikkje Åseral Mållag til med eit reint kvinnestyre. Det er tidlegare varaordførarar Kari Røynlid som er nyvald leiar i styret. Med seg får ho ein ung og entusiastisk gjeng med Gunvor Ljosland, Eirin Åsland, Tove Utengen og Tone Astrid Folkvord Flodquist.

– Vi får kome sterkaste tilbake med mannskvotering, smiler Kari Røynlid, nyvald leiar i Åseral Mållag. 

Viktige arbeidsoppgåver

På stiftingsmøtet var det både godt oppmøte og god stemning. Og det vart ein nyttig  diskusjon rundt bordet om kva det var viktig å ta tak i. Åseral kommune er ein nynorskkommune. Dei har nynorsk i opplæringa og i kyrkja, og kommunen følgjer opp med nynorsk i administrasjonen, men det er likevel mange viktige satsingsområde. Barnehagen er viktig for nynorsk språkstimulering for ungane, men også opplæringa for vaksne innvandrarar kan vere eit nytt arbeidsfelt for styret.

– Åseral har i dag opplæringa på bokmål for vaksne innvandrarar. Det er absolutt noko det hadde vore kjekt å få gjort noko med, seier Tone Astrid Folkvord Flodquist.

Det nye styret skal ha sitt fyrste styremøte i slutten av november, og då skal dei avgjere kva oppgåver dei tek fatt på. 

Pengegåver

Då Åseral Mållag vart lagt ned sist, vart det som stod att på konto overført til Vest-Agder Mållag.

– Eg har med ei overrasking til dykk. Eg har med ein gåvesjekk frå Vest-Agder Mållag på 4 708 kroner, fortalde Ålaug Rosseland, leiar i Vest-Agder Mållag. Dette er pengar som fylkeslaget har teke vare på til Åseral Mållag igjen var oppattskipa.

– Så utruleg flott. Det er veldig godt å vite at vi har pengar på konto når vi skal ta opp att arbeidet, smiler Kari Røynlid. Frå Noregs Mållag sentralt får laget i tillegg 5 000 kroner fordi Åseral Mållaget er eit nytt oppattskipa lag.  

Bilettekst: Nytt styre i Åseral Mållag. Frå venstre: Kari Røynlid, leiar i Åseral Mållag, Eirin Åsland, Tove Utengen, Tone Astrid Folkvord Flodquist og Gunvor Ljosland. (Foto: Hege Lothe) 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no