Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

«Håssen ær været på Hadeland?»

 (19.11.2015)

?Hadeland dialekt- og mållag har suksess med sin nye Hadelandsgradestokk. Frå venstre dialektforfattar Gerd Nyland, Gunvor Kjendlie og Reidun R. Sørensen frå styret. Foto: Bjørn Bjørkli, Hadeland.

Gradestokken er laga i samarbeid med Dialekttempen i Kristiansand. Det er lektor Bjørn Liaklev og adjunkt Gunvor Raastad som har plukka ut kva for dialektord dei skulle kle skalaen med av lokale, gamle dialektord for varme og kulde.

Arbeidet vart starta sommaren 2014. Gjennom avisa Hadeland etterlyste laget adjektiv for varme og kulde på hadelandsdialekt. Dei fekk fleire innspel, som dei sende vidare til Raastad og Liaklev. Sistnemnde har i mange år vore Hadelands dialektekspert. Samlinga hans er på om lag 2500 ord og uttrykk, og han og Gunvor ausa av denne samlinga i arbeidet sitt med å finne dei rette orda på rett plass på skalaen.

To dagar etter at gradestokken kom frå produsenten, vart han lansert på Hadelands tak - ved Solobservatoriet på Harestua, som er Nord-Europas einaste solobservatorium var det høveleg å presentere jolegåva til den som har alt frå før. Utstyrt med fersk eplekake og varm kaffi møtte dei dagleg leiar ved Solobservatoriet Vegard Rekaa, som tok godt imot laget.

Lokalavisa Hadeland slo opp saka på førstesida med brei oppfølging på side to og tre fredagen før Hadelandsmessa tok til. Det er ei stor salsmesse over to dagar og trekker til seg folk frå fjern og nær.  

Gradestokkane vart rivne vekk på Hadelandsmessa hos den eine forhandlaren som hadde dei med. «Dette er det luraste de har funne på nokon gong», sa ein kar.

«Dette blir den store snakkisen på juleborda i år», sa ein annan.

Kasserar Helge Midttun og leiar Reidun Ramse Sørensen har køyrt rundt til detaljistar spreidd utover tre kommunar. Dei fleste var veldig forsiktige og ville sjå an etterspørselen. Men laurdag, på femte dagen, løsna det. Telefonen ringte i bilen: «Vi må ha fleire på messa! Det er tomt. Kan du kome med det du har? Så fort du kan?»

Då Sørensen endeleg var komen heim, fekk ho ein sms frå ein innehavar som var veldig lei seg. Ho hadde ikkje fått tilbod om å selje Hadelandsgradestokken! Hennar butikk fører jo nettopp lokale produkt, og det hadde vore så mange kundar innom og spurt etter han. Spurt etter ei vare som ho ikkje hadde sett, og ho ville gjerne kjøpe gradestokken usett. «Kan du kome? Kundane ventar.» Og laget kom!

Det er moro at bygdas dialektord slår så godt an! Det er ennå lenge til jol.

Hadeland dialekt- og mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no