Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nye røyster i nynorskforskinga

 (20.11.2015)

14 artikkelforfattarar har samla arbeida sine i boka «Nye røyster i nynorskforskinga». Boka blei lansert under Nynorskkonferansen 2015 i Bergen tidlegare i haust.

– Folk bruker ofte synsing, anekdotar og mytar som bevis når dei skal snakke om språksituasjonen i Noreg. Då er det fint å ha handfaste artiklar som seier noko om den språklege stoda, sa Ragnfrid Trohaug, seniorredaktør i Det Norske Samlaget, som gir ut boka.

Artikkelsamlinga blei til gjennom eit samarbeid i eit nettverk som omfattar dei fleste institusjonane i høgre utdanning på Vestlandet. Bidraga er henta frå masteroppgåver, doktoravhandlingar og upublisert forsking frå stipendiatar og andre høgskuletilsette.

Forståeleg for alle

– De vil sjå ein ting i denne artikkelsamlinga, og det er at me prøver å vere litt folkelege sjølv om det er fagartiklar, sa ein av initiativtakarane, Jan Olav Fretland, under lanseringa. Målet er at denne forskinga skal vere lesbar for alle, sjølv om det er høg fagleg kvalitet på innhaldet.

– Alle bidragsytarane var klare til å skrive då me tok kontakt. Dei hadde lyst til å skrive for å bli med i samlinga, kunne Fretland fortelje om dei ulike forfattarane.

Han og den andre initiativtakaren, Hjalmar Eiksund, sa at utgangspunktet var at dei ville finne stoff om nyare forsking på nynorsk som ein eller annan har bruk for, og som seier noko handfast om nynorsk. Resultatet var at dei fann overraskande mykje, meir enn dei først trudde, som no er samla i denne boka.

14 forfattarar samla i eitt

Artikkelforfattarane tek kvar på sitt vis opp tema som har mykje å seie for nynorskbrukaren, og er samla i tre ulike delar i boka. Språkval og identitet, språkpolitiske vegval og resultat av desse, og den siste delen er om sjølve nynorsken. Føremålet med tekstane er at dei skal vere med på å skape betre forståing for kva stilling nynorsk har i Noreg, og kvifor.

Forfattarane i boka er Eli Bjørhusdal, Ingvild Brügger Budal, Sylvi Dysvik, Hjalmar Eiksund, Jan Olav Fretland, Claude Goffeney, Stig Helset, Gudrun Kløve Juuhl, Andreas Liska, Hege Myklebust, Bjørg Nesje Nybø, Margunn Rauset, Marit Vadstein og Stephen J. Walton.

Redaktørane av boka er Hjalmar Eiksund, høgskulelektor ved Nynorsksenteret med særskilt ansvar for nynorsk som sidemål og Jan Olav Fretland, dosent med Høgskulen i Sogn og Fjordane, også kjend som leiar i Norsk språkråd og som forfattar av ulike lærebøker i nynorsk grammatikk.

Nokre av bidragsytarane til boka «Nye røyster i nynorskforskinga»: Hjalmar Eiksund, Eli Bjørhusdal, Gudrun Kløve Juuhl, Ingvild Brügger Budal, Jan Ove Fretland og Hege Myklebust. (Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPK)

Karoline Riise Kristiansen / NPK
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no