Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Om språkval på Jæren

 (22.11.2015)

Time Mållag, Klepp Mållag og Hå Mållag har gått saman om å sende brev til styringsgruppa som arbeider med ei intensjonsavtale for desse tre kommunane. Ein eventuell Jæren kommune bør velja nynorsk som sitt språk.

Time Mållag, Klepp Mållag og Hå Mållag har skrive eige brev til styringsgruppa: 

Om språkval i Jæren kommune

Time og Klepp er av dei få kommunane som har vore uendra sidan kommunane vart etablerte. Me i Time, Klepp og Hå Mållag er opptekne av å ta vare på vår lokale språklege identitet og kultur. Me vil ta vare på vårt jærske mål og historie. Me trur at for å halda på dialekten vår er me avhengig  av å ha ein sterk nynorsk skriftkultur i skulen og kommuneadministrasjonen. Me trur og meiner at det er viktig å ta vare  på vår eigenart også i framtida. Me vil at ungane som veks opp i Time, Klepp og Hå skal vera stolte av staden dei kjem frå og halda på talemålet. Jærsk talemål vert assosiert med positive skildringar som arbeidssame og nøysame folk, eit flittig og målretta folkeferd. Det er verdt å ta vare på. Nynorsken og jærsk talemål er gjensidig avhengig av kvarandre for å overleva i tida med sterkt press frå Sandnes, Stavanger og Sola.

Alle dei tre kommunane på Jæren har lange nynorsktradisjonar. Av dei tre kommunane er det berre Klepp som har eit monaleg innslag av bokmål i skulen. Frå Grunnskolens informasjonssystem kan me henta inn data frå skuleåret 2014-2015 og sjå at dei tre kommunane til saman har 83% nynorskelevar. Desse borna er omgitt av bokmål elles i kvardagen, og treng i større grad enn bokmålselevane å sjå språket sitt i bruk rundt seg. Men det er berre Time som praktiserer fullt ut nynorsk i administrasjonen. Kommunane er svært viktige skriftspråkprodusentar og det kommunale språket er viktig for statusen og situasjonen  til nynorsk på Jæren. Me veit at der nynorsk er lite brukt der hamnar han fort under press og der nynorsk er mykje brukt der veks han. Det kommunale språket er viktig. Om Jæren kommune vel å halda nynorsk som sitt språk vil språkvalet stø opp om den språklege sjølvkjensla til nynorskelevane. Dersom det vert ein Jæren kommune kan den nye kommunen verta den største nynorskkommunen i Noreg. Identitet og språk heng saman, og me meiner at nynorsk høver godt til å kommunisera verdiane til den nye kommunen.

Kommunalministeren har sagt at det ikkje skal verta mindre bruk av nynorsk etter ei kommunereform. Fleirtalet i kommunalkomiteen, ved medlemmene frå Høgre, Framskrittspartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Sosialistisk Venstreparti, har kome med den same merknaden i kommuneproposisjonen 2016 (Prorp 121 S 2014-2015, innst 375 S 2014-2015). Eit vedtak om noko anna enn nynorsk vil føra til meir bokmål i forvaltinga. Og det vil føra til at det vert vanskelegare for nynorskbrukarane å bruka sitt språk, så lenge dei heilt fint meistrar bokmål. I ein kommunekvardag med mykje tekstsamarbeid og utveksling av skriv og dokument, vert det lettare å produsera dei på bokmål om språkvalet skal vera opp til den einskilde tilsett og ikkje under politisk styring.

Kommunikasjon skal vera open, tydeleg og med klart språk. Tekstane ein skriv skal vera lette å forstå etter modellen som Time kommune nyttar. God saksutgreiing er viktig for eit godt lokaldemokrati, og at det gjer det lett å lesa og forstå for politikarar, administrasjon og innbyggjarane.Til dette kan den nye kommunen nytta Time sin modell.

Jæren kommune bør velja nynorsk som sitt språk. Det vil vera i samsvar med retningslinjene frå Stortinget og vil vidareføra ein god tradisjon i alle kommunane. Ein ny stor kommune med nynorsk språkval vil vera svært verdifult særleg for alle nynorskelevane, men også for bokmålselevane som vil oppleva meir nynorsk i kvardagen enn i ein bokmålskommune. Nynorsk er det beste valet for jærbuen.

Lukka til med arbeidet!

Med helsing frå mållaga på Jæren, 

Inger Skretting Opstad (Hå Mållag) 
Audun Gravdal (Hå Mållag) 
Knut Norddal (Time Mållag) 
Else Berit Hattaland (Klepp Mållag)


Vedlegg: 
1. Framlegg til formulering i intensjonsavtalen om språkval.

Språk og kultur 

Jæren kommune dekkjer eit område med sterke kulturtradisjonar og ein sterk lokal identitet. Jærdialekta og det nynorske skriftspråket har ei sterk stilling i denne identiteten. Nynorsk står sterkt i media, administrasjon og skule, og regionen er heimstad til mange nynorskbrukande kulturpersonar. Jæren kommune vel nynorsk som administrasjonsspråk og som språk i kommunikasjon med staten. Med ei slik avgjerd som dette kan den framtidige kommunen praktisera språkbruken om lag som i dag. Vedtaket stenger ikkje for ei viss smidig praktisering i einskilde særtilfelle, men vil opna for ei målretta vidareutvikling av den kulturelle profilen på Jæren. 

Særleg vil det språklege kompetansearbeidet i Time kommune vera eit føredøme for den nye kommunen. Time kommune har gjennom sitt arbeid med klart språk gjort det enklare for politikarar, administrasjon og innbyggjarane å forstå kva som er bestemt i kommunen. Ein større kommune vil også kunna opparbeida seg eit sterkare miljø for ein endå betre språkbruk innanfor til dømes skule, vaksenopplæring og barnehage. Slik kompetanse vil vera ettertrakta frå nynorskmiljø over heile landet.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no