Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Om Rosas buss

 (01.12.2015)

I dag, 1. desember, er det 60 år sidan Rosa Parks gjekk på bussen i Alabama og nekta gje ifrå seg plassen sin til ein kvit mann. Rosas buss er omsett av Guri Vesaas og fortel ei viktig historie – om raseskiljepolitikken i USA i vår nære fortid. 

Denne bokpresentasjonen er skriven til Lesegledar-prosjektet som Nynorsksenteret og Sogn og Fjordane folkebibliotek har sett i gang. Både skular, bibliotek og andre kan tinge lesegledarar-oppdrag.

Boka er skriven av Fabrizio Silei – omsett frå italiensk av Guri Vesaas. Den vart gjeven ut på Samlaget i 2012. Denne boka fortel ei viktig historie – om raseskiljepolitikken i USA i vår nære fortid. Vi følgjer Ben og bestefaren på tur til Detroit, til museet der Rosas buss er stilt ut. Bestefaren vil fortelje ei historie:

Om ein kveld for 60 år sidan. 1. desember 1955, då Rosa gjekk på bussen i Montgomery i Alabama. Ho var 42 år, brukte briller og førte seg på ein fin og verdig måte. Ho var ei av dei mange farga kvinnene som bussa heim frå arbeidet sitt i det store magasinet. Ho var syerske.

På bussane var det slik at dei fremste plassane var for dei kvite. Medan plassane lengst bak var for dei svarte. Om det då ikkje kom på fleire kvite passasjerar: då måtte dei svarte reise seg og gje plassen til dei kvite.

Denne kvelden kjem det på fire kvite passasjerar. Det var allereie fleire svarte som står. Sjåføren brølte at folk måtte reise seg å gje plass til dei kvite. Ein svart mann og to svarte kvinner reiser seg straks.

”Akkurat då og der hende det noko utruleg, noko så ufatteleg at det forandra alt, og gjorde dagane deretter heilt annleis enn alle andre dagar inntil då: Rosa vart sitjande urørleg på plassen sin.”

Bussjåføren stoggar bussen. Brøler til Rosa. Dei andre svarte passasjerane nærast tryglar henne om å reise seg. Men ho seier – nei.

Rosa vert lagt i handjern og førd vekk i politibil. Ho blir sett fri, takka vere ein advokat og ein ung prest. Den unge presten er Martin Luther King, og han og fleire andre oppmodar til buss-boikott.

Boikotten varer i over eit år og transportselskapet er i ferd med å gå konkurs. Alle dei svarte ordnar seg som best dei kunne, berre ikkje med buss – til fots, på sykkel, med handkjerre, på lastebil, til og med på eselrygg. Rosa miste jobben, og måtte flytte. Men ho gav seg ikkje, og i 1956 – eitt år etter at ho sa NEI – vedtok Høgsterett at raseskilje på offentleg transportmiddel er imot Grunnlova.

Ben får sitje på plassen der Rosa sat, og bestefaren sit på plassen ved sidan av. Nøyaktig den same plassen han sat for 60 år sidan – ”på plassen som eg gav frå meg av redsle, fordi eg ikkje klarte å seie nei”.

Bestefaren seier til Ben:

”Den dagen passerte historia meg i form av ein buss, han streifa meg og eg hadde ikkje vett til å stige på. Attpåtil såg eg på at Rosa steig om bord, og eg prøvde å rå henne ifrå det.

Vi tenkte at ho var galen, men i staden var det vi som var galne, vane som vi var med å bøye hovudet og alltid svare ja.

Difor har eg teke deg med hit i dag, for å minne deg på at det alltid går ein buss gjennom livet til kvar og ein av oss. Eg miste min for mange år sidan. Du må halde auga opne og ikkje miste din.”

Dette er ei viktig historie – som er fortalt på nytt og på ein levande og nær måte av denne bestefaren som fortel barnebarnet frå korleis livet var med raseskiljepolitikken. Og det er gjort i ei fin blanding av fakta og fiksjon.

I år er det 60 år sidan Rosa gjekk på bussen og eg håpar mange brukar nett dette jubileet til å lese denne forteljinga.

Dette er ei bok som er god til opplesing av foreldre til ungane, og for elevar frå om lag 8-9 år og oppover, og sjølvsagt til å lese sjølv for litt eldre elevar. Det er ei ganske kort bok med eit godt nynorsk språk, ei omsetjing som Guri Vesaas fekk Kulturdepartementets omsetjarprispris for. Den har gode måla illustrasjonar av Maurizio A.C. Quarello – som gjer boka sterkare – vi kjem frå ei fargerik notid – til ein mørkare, gråare Alabama – og desse illustrasjonane kan også gje gode oppspel til undervisning i kunst og handtverk.

Dette er ei bok med meining og den er noko so sjeldan som ei politisk barnebok, og fekk ein varm velkomst av bokmeldarane då den vart gjeven ut i 2012. Den høver ekstra godt til å få ein diskusjon etterpå for både vaksne og unge. Om rasisme då og om rasisme no.  Og at det er viktig å våge å opponere mot urett.

Og ikkje minst kan vi stille oss spørsmålet: Held vi auga opne og ikkje mister den bussen som går gjennom livet vårt.  

 

Nynorsksenteret har også laga eit eige opplegg om Rosas buss

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no