Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. JANUAR 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Til lukke, Voss!

 (03.12.2015)

Voss er den fyrste kommunen som har gjort vedtak om å gå over til nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar etter at Noregs Mållag i haust sette i gang NyNorsk-kampanjen for få fleire kommunar til å skifta til nynorsk. Etter vedtaket på Voss er det 40 kommunar med nynorsk opplæring.

– Dette er svært gledeleg, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– Folkeveksten kjem i heile landet av utanlandsk innvandring, og god norskundervising er avgjerande for god integrering. I kommunar med mykje nynorsk, bør vaksne innvandrarar læra det språket ungane lærer på skulen, og som vert brukt elles i kommunen.

I Ullensvang herad i Hordaland skal heradsstyret handsama saka på eit møte 14. desember. Der har formannskapet tilrådd nynorsk som opplæringsspråk. Saka skal også opp i Hjelmeland kommune i Rogaland i desember.

Noregs Mållag meiner det må verta lettare for kommunane å gje nynorskopplæring til vaksne innvandrarar, og Mållaget arbeider for å få meir læremiddel på nynorsk.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no