Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Hald på nynorsken, Møre og Romsdal!

 (09.12.2015)

Monica Molvær frå Høgre har gjort framlegg om at Møre og Romsdal fylkeskommune bør verte språknøytral for å spare pengar. Ho seier til Tidens Krav at fylkeskommunen har lite pengar, og dette kan vere ein måte å drive meir effektivt.

Noregs Mållag vil oppmode Fylkestinget i Møre og Romsdal om å halde fast på nynorsk som administrasjonsspråk. Det er viktig å ta vare på lokal språkleg identitet og eigenart. Nynorsk er det språket som byggjer på dei norske dialektane, og som også stør oppunder dei. Nynorsk har gjennom hundre år har gjeve folk språkleg sjølvtillit til å snakke eigen dialekt i alle samanhengar. Dette har også bydialektane i Møre og Romsdal nytt godt av, og det gjer dei framleis. Utan nynorsken ville det vore ugreitt å snakke dialekt i riksmedia.

Fylkeskommunen er ein særs viktige skriftspråkprodusent og det fylkeskommunale språket er viktig for statusen og situasjonen til nynorsk i Møre og Romsdal. Vi veit at der nynorsk er lite brukt, der hamnar han fort under press. Der nynorsk er mykje brukt, der veks han.

I store delar av fylket dominerer nynorsk som skulemål, og nynorsk aukar også som bruksspråk i næringslivet. Dette bør fylkeskommunen inspirere til at skal halde fram. Nynorsken er under eit konstant press frå bokmålet som dominerer nasjonalt, og regionale styresmakter bør ha og ta eit kulturelt ansvar for mindretalsspråket.

Monica Molvær trur fylkeskommunen vert meir effektiv om ein legg vekk nynorsk som administrasjonsspråk. Utgangspunktet til Molvær er at fylkesadministrasjonen skal sleppe å bruke tid på språkvask og korrektur. Heller ikkje frå eit bokmålsperspektiv er dette eit godt utgangspunkt for å gå vekk frå nynorsk. Skrivefeil og dårleg språk dukkar opp i alle språk, og det må i alle tilfelle vere rutinar for å luke vekk slikt i alle viktige dokument.

Tvert om kan det vere ein styrke for byråkratiet å leggje inn ekstra krav til seg sjølve om å bruke eit godt og klart språk. Språkvask og korrekturlesing er viktig for at alle tekstar skal bli betre og lettare å lese for innbyggjarane.

Sigbjørn Hjelmbrekke, nestleiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no