Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stavanger Mållag 100 år!

 (10.12.2015)

I dag er Stavanger Mållag 100 år. Så på sjølvaste jubileumsdagen vert målfolk og lokallag over heile landet invitert til å skrive helsing på Facebook-sida til Stavanger Mållag! 

– Jubilanten set pris på å få helsingar på dagen, smiler Marit Ness, leiar i Stavanger Mållag og Unni Elisabeth Hørthe, skrivar i Stavanger Mållag.

Helsingane vert lagt ut i Helsingsprotokollen for 100-årsjubileet Skriv til helsingsprotokollen her eller legg ut melding på Facebook.com/Stavanger.Maallag

100 år med Stavanger Mållag

Stavanger Mållag vart skipa med ”uppgåve å fremja norsk målreising”. Laget hadde i starten 15 medlemer. Jens Tvedt vart samrøystes vald til fyrste formann i laget. Etter at laget ikkje var aktivt frå om lag 1930-talet, vart det ny giv i laget frå 1957. Då hadde laget over 600 medlemer, og dei kom frå heile Nord-Jæren. Ei av hovudoppgåvene var å demma opp for arbeidet frå Riksmålsforbundet for riksmål i Stavanger. Gunnar Leiro var leiar i laget frå 1957.

Parallellklassearbeid 

Frå slutten av 1970-talet, 80-talet og -90-talet arbeidde Stavanger Mållag aktivt for å få oppretta parallellklasser på fleire skular i Stavanger. Dei arbeidde systematisk og med mykje entusiasme og humor, og svært mange elevar fekk nynorsk som fyrstespråk på grunn av arbeidet til det lokale mållaget. Ei av dei som var sentrale i dette arbeidet var Oddny Ueland, som seinare vart nestleiar i Noregs Mållag, også Anders M. Andersen, Sigrun Heskestad og Audun Steinnes var sentrale. Ingeborg Mjør, som var nestleiar i Noregs Mållag, var sentral i Stavanger Mållag på 2000-talet. Det er gjerne mang slags innsats som skal gjerast i eit lokallag for at alt skal fungere. Til dømes har Karl Marius Lillevik 25-årsjubileum som rekneskapsførar for laget. 

Jubileumsfest 

I dag er det Marit Ness som er leiar i Stavanger Mållag og Bjarte Tveit er nestleiar. Laget har 156 medlemer. Stavanger Mållag feira seg sjølv med festkveld laurdag 14. november. Då var det stor jubileumsfest med musikk av Kjell Inge Torgersen, skråblikk på nynorsken ved Terje Torkildsen og mellom anna festhelsing frå Noregs Mållag av Ingrid Fiskaa.

Heider til Sølvberget og Stavanger bibliotek 

I høve Stavanger Mållag sitt hundreårsjubileum gav dei heider til Sølvberget og Stavanger bibliotek. 

– Sølvberget er Stavangers storstove og framstår som ein institusjon som famnar vidt og viser både vilje og velvilje mot ulike målformer, språk og kulturar. Dei tilsette er kulturberarar i ordets beste og vidaste forstand. Arbeidet dei gjer er viktig for demokratiet og hjelper oss til å skapa og forsterka eit nysgjerrig, ope, inkluderande og nyskapande samfunn der tradisjon og historie har sin naturlege plass, sa Marit Ness, under overrekkinga av diplomet til Sissel Arna Dahle, konstituert kulturhusleiar og biblioteksjef.

– Ingenting av dette skjer av seg sjølv. Teft, mot og medvite arbeid ligg til grunn. For Stavanger Mållag er Stavanger bibliotek og Sølvberget gull! 100-åringen Stavanger Mållag takkar så mykje for det lange og gode samarbeidet og ser i glede fram til meir av det same i åra som kjem!

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no