Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

130 år sidan fyrste nynorskkommune

 (15.12.2015)

Den 15. desember 1885 vedtok kommunestyret i Fjelberg (no ein del av Kvinnherad kommune), at landsmålet skal nyttast «ved all Brev- og Bokføring i Heradsstyrets Tenesta». Dette er det fyrste vedtaket om landsmål som administrasjonsspråk i ein kommune.

– Som ordførar og målmann er det svært stas at dåverande Fjelberg kommune, no Kvinnherad kommune, vart første nynorskkommune i landet, seier Peder Slettebø, ordførar i Kvinnherad kommune. 

– Det nynorske skriftspråket står svært sterkt i Kvinnherad den dag i dag, og er ein viktig del av vår identitet. Kommunestyret har, i samband med denne jubileumsmarkeringa, bede om at kommunen utarbeidar ein språkbruksplan i samarbeid med Mållaget. Nynorsken skal styrkast i både notid og framtid. 

(Foto: Mona Grønningen / Kvinnheringen)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no