Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Godt nytt frå Hjelmeland!

 (17.12.2015)

Kommunestyret i Hjelmeland har vedteke å gå over til nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar. 

Det var Senterpartiet, Arbeiderpartiet og Venstre som sikra fleirtal for å skifte til nynorsk. Mot røystene frå Høgre og KrF. 

Dette er svært gledeleg. Med dette vedtaket blir Hjelmeland kommune den andre kommunen i Rogaland som går over til nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar. Og dei blir den 42. kommunen som går over til nynorsk språkopplæring i vaksenopplæringa. 

I haust sette Noregs Mållag i gang ein kampanje for fleire kommunar skal gå over til å undervise nynorsk til vaksne innvandrarar. No på seinhausten har både Voss, Ullensvang og no Hjelmeland gjort nynorskvedtak. Folkeveksten i landet vårt kjem i dag av utanlandsk innvandring. Innvandrarar er viktige tilflyttarar for heile Distrikts-Noreg. Det er difor viktig at dei som buset seg i nynorskområde, lærer det lokale språket.

Me ynskjer både Hjelmeland Mållag, Ullensvang Mållag og Voss Mållag til lukke med godt arbeid! 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no