Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkdeling i Odda

 (17.12.2015)

I dag er det kommunestyremøte i Odda. Då er det vedtak om budsjett for neste år og saka om løyving til språkdelt ungdomsskule skal opp til røysting. 

I høve at saka igjen vert løfta inn i kommunestyresalen har Knut O. Dale, leiar i Odda Mållag, skrive eit innlegg om målbyte i Valdres og Odda: 

Den store skilnaden er Oddamodellen

I Valdres byter 75 prosent av elevane frå nynorsk til bokmål. Slik er det ikkje i Odda. I år var det 2 av 56 elevar som gjekk over til bokmål då dei tok til på Odda vidaregåande skule, dvs. mindre enn  4 prosent.

Firmaet Proba samfunnsanalyse hevdar at årsaka til målbyte er «den massive bokmålspåverknaden», skal me tru eit brev frå Utdanningsdirektoratet datert 26.06.15.

Men bokmålspåverknaden er like stor i Odda som i Valdres. Men det er ein skilnad mellom Odda og Valdres: I Valdres har dei ikkje språkdeling på  ungdomskulane.

Karen Marie Kvåle Garthus, som no er avdelingsleiar på den studiespesialiserande studieretninga på Valdres vidaregåande skule, har granska målbytet i Valdres.

I eit intervju med NRK sa ho dette om årsaka til målbytet: «Jeg tror at dette handler om at en nynorskbruker i Valdres mangler språklig selvtillit, og at vi ikkje har klart å gi dem det gjennom skolegangen.»

Denne språklege  og kulturelle  sjølvtilliten gjev Odda ungdomskole nynorskelevane  og difor  har vi  lite eller ikkje målbyte i Odda. 

Å oppheva språkdelinga vil langt på veg vera  eit brot med den politikken  som eit  samla kommunestyre no i  haust la  til grunn med attvalet  og styrkinga av språkdelingsutvalet . Dette politiske utvalet - med ordførar Roald Aga Haug i spissen - har fått som mandat  å arbeida for at  Oddamodellen  skal gjelda over heile landet og at utgiftene med modellen skal finansierast av staten.  Vi står no på terskelen til at Oddamodellen kan bli allmenn,  jf. tinginga  frå  fleirtalet i kommunalkomiteen  på Stortinget til regjeringa .  

Om kommunestyret no set strek over Oddamodellen, vil det vera ei kulturell misgjerning og langt på veg ei undergraving  av ei av skuleverket  sine  kjerneoppgåver: å gjera alle elevar til dugande og trygge språkbrukarar.  

Knut O. Dale, leiar i Odda Mållag 

Biletet er henta ifrå møtet med Hordalandsbenken på Stortinget
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no