Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Veldig bra, Årdal!

 (17.12.2015)

I dag vedtok eit samrøystes kommunestyre i Årdal at språkopplæringa for vaksne innvandrarar skal vere på nynorsk! Dermed er Årdal den 43. kommunen som har vedteke nynorsk som opplæringsmål. 

Det var Aleksander Øren Heen frå Senterpartiet som fremja saka, og han fekk eit samrøystes vedtak. 

– I haust sette Noregs Mållag i gang ein kampanje for at fleire kommunar skal gå over til å undervise i og på nynorsk til vaksne innvandrarar. Folkeveksten kjem i dag av utanlandsk innvandring. Innvandrarar er viktige tilflyttarar for heile Distrikts-Noreg. Det er difor viktig at dei som buset seg i nynorskområde, vert godt integrerte og lærer det lokale språket, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. 

Nynorsk språkopplæring i vaksenopplæringa kan vere med å gjere det lettare å kome inn i det norske samfunnet, fordi ein lettare forstår det munnlege talemålet. Då vert det også lettare å forstå dialektar frå alle delar av landet.

No på seinhausten har både Voss og Ullensvang i Hordaland, Hjelmeland i Rogaland og no også Årdal kommune gjort nynorskvedtak. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no