Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

130 år med nynorsk

 (18.12.2015)

På kommunestyremøtet i Kvinnherad kommune denne veka var det markering av at tidlegare Fjelberg kommune, som no er ein del av Kvinnherad, var verdas fyrste nynorskkommune. 

Og dermed vart saka om å vedta eigen språkbruksplan teken opp i kommunestyret av Gaute Lund, kommunestyrerepresentant frå Sosialistisk Fellesliste.

– Det handlar om å verte ein god nynorskkommune, og det gjeld også barnehage og skule, seier Gaute Lund, som også er styremedlem i Kvinnherad Mållag. Ordskiftet vart kort, men morosamt.

Ordførar i Kvinnherad kommune, Peder Sjo Slettebø, gjorde det klart at kommunen skal halde på nynorsken.

– Kvinnherad var den fyrste nynorskkommunen i verda, og om så gale skulle vere, skal Kvinnherad verte den siste nynorskkommunen i verda også.

Kommunestyrerepresentant for Arbeiderpartiet, Johnny Håvik, vedgjekk den ungdomssynda at han valde bokmål på Sunde skule i si tid, men har no gått over til å skriva nynorsk.

–  Og det vert lettare no som eg veit at eg kjem frå verdas fyrste nynorskkommune, seier Johnny Håvik.

Johnny Håvik nytta også høve til snakka fint om mållaget si marsipankake frå talarstolen på kommunestyremøtet. Tidlegare på dagen hadde Kvinnherad Mållag utdeling av marsipankake for å feire 130 år med nynorsk. Og Ølve Mållag sende blomehelsing til ordførar og kommunestyre og ynskte til lukke med dagen.

PS! Ølen og Bjoa sokner (på sørsida av fjorden) var med i Fjelberg fram til dei gjekk ut og vart Ølen herad i 1916, i dag ein del av Vindafjord kommune. 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no