Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Donald Duck på nynorsk

 (03.01.2016)

”Les nynorsk med Donald” er no å få kjøpt i butikkane.

– Det er utruleg kjekt at det no kjem eit Donald Duck-hefte dedikert til nynorsk, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Ho og Mållaget sette i gang ein Facebook-kampanje for eitt år sidan med tittelen: Nynorsk i Donald? Ja takk, etter at ein av Donald-karakterane snakka nynorsk i ei historie. Over 2000 har likt sida, og i organisasjonen har det vore eit stort engasjement for å få lese Donald Duck på nynorsk.


– Donald Duck-utgjevar Egmont skriv i føreordet til bladet at dette gjer dei for å syna kor interessant det er med våre to målformer. Det fortener all heider og er meir enn me kunne håpa på då me starta kampanjen, seier Marit Aakre Tennø.

– Det finst nesten ikkje teikneseriar på nynorsk for ungar. Donald Duck er eit svært populært blad og at dei no gjev ut to nynorske historier i same hefte, gjer det mogeleg for norske ungar å få lesa litt meir nynorsk, seier Marit Aakre Tennø.
– Me håpar med dette at det ikkje går 30 år til neste gong det kjem nynorsk i Donald, men at nynorsken kan finna ein plass i Donald, slik han har elles i samfunnet, seier Tennø

Det er ikkje fyrste gongen det kjem Donald Duck-hefte på nynorsk. Men det er litt utanom det vanlege i bladhyllene. Eit eige Donald Duck-hefte på nynorsk har ikkje vorte laga sidan 80-talet. Det siste året har det kome bokmålshistorier med nokre nynorskinnslag. 

Det nye heftet ”Les nynorsk med Donald” inneheld den kjende historia Eggemysteriet, der firkantfolket snakkar Vossamål, pluss to seriar berre på nynorsk, skrivne av Olaf Solstrand. Han skriv til vanleg nynorsk, og har no for fyrste gong fått lov å få sine eigne seriar på trykk på nynorsk i bladet. I tillegg har bladet ein artikkel av språkprofessor Rolf Theil og Kjartan Helleve, redaktør i Norsk Tidend, avisa til Noregs Mållag.

  

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no