Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utlysing av stipend

 (08.01.2016)

Stipendvinnar 2007: An10 Boyband (Foto: Kjartan Helleve)

Noregs Mållag lyser ut to stipend à kr 50 000. Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde. Søknadsfristen er 15. februar. 

 

Føremål: Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde. Stipendnemnda ser særleg positivt på søknader som har som føremål å få nynorsken i bruk på område der han frå før har lite rom.

Kriterium for tildeling: Ei kvinne og ein mann skal tildelast kvar sitt stipend à kr 50 000. Stipendet er eit arbeidsstipend og kan ikkje nyttast til ordinær utdanning eller til reiser.

Krav til søknad/prosjektskildring: Problemstilling og mål- arbeidsform/metode- tidsplan- budsjett- vedlegg: CV og eventuelt referansar til tidlegare arbeid

Krav til sluttrapportering: Det skal leverast ein skriftleg sluttrapport (papir og elektronisk) innan fristen. Stipendiatane må seia seg villige til å leggja fram prosjektet for styret eller andre organ etter nærare avtale.

Styret i Noregs Mållag er stipendnemnd. Send søknad og eventuell dokumentasjon til dagleg leiar Gro Morken Endresen, gro.morken@nm.no , eller til Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo

Frist for innlevering av søknad er 16. februar 2016.

Styret tek sikte på å kunngjera kven som har fått tildelt stipend, i april 2016.

Frist for innlevering av ferdig prosjekt er 12. desember 2016.

Styremedlemer og tilsette i Noregs Mållag kan ikkje søkja stipendet.

 

Tidlegare tildelingar:
Stipend til An10 Boyband
Stipend til Rannveig Mossige Thattai
Stipend for å lage bygdeavis
Nynorskstipend til Øystein Runde
50 000 i stipend til spel og kaffi
Stipend til Tryti og Gudnason
Stipend for å lage sidemålsblogg
Nynorskstipend til Ingrid Brandal Myklebust og Rasmus Hungnes
May Grethe Lerum har fått nynorskstipend
Nynorskstipend til filmdistributør
Nynorskstipend til Mona Steiner Brekkan

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no