Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Berge Furre er død

 (12.01.2016)

Det er med sorg Noregs Mållag har motteke meldinga om at Berge Furre er død. Han vart utnemnd som heidersmedlem i høve hundreårsjubileet til Noregs Mållag i 2006. 

Berge Furre var sentral i vitaliseringa av målsaka på slutten av 1960-talet. Han var den sentrale strategen som la det teoretiske grunnlaget for målrørsla i ei ny og moderne tid og leidde mållaget inn i 70-talet med ein ny politikk. Strategidokumentet Målreising 1967 som gjorde mållaget budd på den store dialekt- og distriktsbylgja som målrørsla seinare var ein sentral del av, er mellom dei viktige dokumenta han var med og førte i pennen.

På landsmøtet i Ål i 1965 vart det halde fleire føredrag under hovudtittelen "Strukturendring og målpolitikk". Berge Furre heldt innleiing om Målprogram og samfunnsutvikling. I dag, 50 år seinare, kunne drøftinga på landsmøtet hatt same overskrifta.

Berge Furre var styremedlem og arbeidsutvalsmedlem i Noregs Mållag frå 1968 til 1970. Han var styreleiar for Det Norske Teatret frå 1998 til 2004.

Med si velkjende røyst har han gjennom ein mannsalder bore oppe eit ledig nynorsk normaltalemål. Dette målet har han nytta som viktig samfunnsaktør både som politikar og akademikar. Han har sett klårt merke etter seg med sitt gode språk. I 1993 fekk han Norsk språkpris frå Språkrådet.

Då Berge Furre vart utnemnd til heidersmedlem, takka han for merksemda med desse orda:

– Kvar og ein har eit ansvar for å vere djerve nok. For å bere målet fram. Eg kjem nett frå Brasil. Og siste kvelden vart det snakk om kva språk vi brukar her i Noreg. Eg måtte fortelje at vi held oss med to mål. Eitt som er skapt av røtene til det norske mål, og dette vekte både glede og merksemd. For tenk på kva vi har greidd! Det er både vår siger og vår framtid.

Frå utdelinga av heidersmedlemskap i Noregs Mållag. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no