Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dialektprisen 2015 går til Daniel Kvammen

 (19.01.2016)

Norsk Målungdom har kåra popartist Daniel Kvammen til vinnar av Dialektprisen for 2015. 

– Daniel Kvammen syng på Geilo-dialekta si, og er soleis ein framifrå representant for dialektene frå Hallingdalen. Dette er dialekter vi sjeldan får høyre i media. Som ein av dei mest populære og framgangsrike popartistane i Noreg i dag, har Kvammen gjort dialekta tilgjengeleg for mange unge som kanskje ikkje har hatt eit spesielt forhold til ho frå før. Det seier leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre.

– I dag er dialektmangfaldet på Austlandet under sterkt press, og Hallingdalen er ikkje noko unntak, seier Synnøve Marie Sætre.

– Ein viktig del av grunngjevinga for at vi gir prisen til Kvammen, er at han er med på å styrke Hallingdal-dialektene heime i Hallingdalen, og at dette kjem den einskilde dialektbrukaren til gode. Det å få sjå og høyre sitt eige mål i andre samanhengar enn den lokale, er ofte det som gjer oss stolte, utdjupar ho.

Prisvinnaren
Daniel Kvammen (f. 1988) kjem frå Geilo, og har på kort tid slått seg opp som låtskrivar og musikar. Han debuterte som soloartist i 2015 med albumet Fremad i alle retninga.

Prisen
Dialektprisen vart utdelt for fyrste gong i 2001, og vert delt ut kvart år av landsstyret i Norsk Målungdom. Det er den einaste språkprisen som vert delt ut av språkengasjerte ungdomar, noko som også bidreg til at han er ein av dei mest prestisjetunge. Blant tidlegare prisvinnarar finn vi namn som Therese Johaug, Linda Eide og Tønes.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no