Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JANUAR 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Medlemsvekst i Mållaget

 (28.01.2016)

Etter ein innspurt i jula, enda medlemstalet i Noregs Mållag på 12 022 medlemer. Det er det tredje beste medlemstalet dei siste tjue åra, og nesten like godt som rekordåret 2013. Heile 662 av medlemane er heilt nye. 

– Dette er veldig moro, seier Erik Grov, organisasjonskonsulent i Noregs Mållag. 

Han meiner at det ikkje er råd å peike eit enkelt tiltak som forklarar dei gode tala, men meiner at det er ein kombinasjon av ulike tiltak og jamt arbeid gjennom heile året. 

– Me prøver å verve heile tida. Det er ikkje nokon tvil om at det nyttar å gjere seg synleg i sosiale medium. Det er som Oddny Miljeteig seier: Folk må få spørsmålet. Gjennom Facebook er det mange som blir spurde. Sjølv om det er langt meir effektivt å spørje andlet til andlet, så ser me at dette nyttar. Dessutan har me fått fleire nye lokallag i år, noko som også slår heldig ut, fortel Erik Grov.

Før jul sende mållaget ut vervemateriell til nye kommunestyrerepresentantar over heile landet og om lag sytti politikarar melde seg inn. 

– Det er viktig for oss å ha medvitne folkevalde rundt om i fylkesting og kommunestyre, seier Erik Grov. 

– Me var litt uroa for at den veldige innmeldinga som kom for nokre år sidan, skulle vere eit blaff. Men medlemstalet har halde seg høgt. Det er kjekt at me greier å halde oss såpass store sjølv utan politiske utspel frå Kristin Halvorsen, seier Erik Grov.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no