Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. JANUAR 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk i skolane og lærarutdanninga på Austlandet

 (01.02.2016)

Høgskolen i Hedmark, Lærarmållaget og Hamar dialekt- og mållag inviterer til seminar på Hamar med nynorsken på Austlandet som hovudemne. Seminaret er spesielt for lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar og andre interesserte. 

Laurdag 13. februar klokka 11-15 på Høgskolen i Hedmark, campus Hamar i auditorium 3. 

11.00 Velkommen
11.05 Nynorsk i lærarutdanninga ved Knut Øystein Høvik, studieleiar på grunnskolelærarutdanninga, Høgskolen i Hedmark

11.30 Haldningar til nynorsk hos studentar og lærarar ved Jens Haugan, dosent, Høgskolen i Hedmark

11.55 Mål og mening? Om haldningane hos elevane til nynorsk og nynorskundervisning i vidaregåande skule ved Dag Freddy Røed, høgskolelektor, Høgskolen i Hedmark
12.20 Pause 

13.00 Korleis er det det elevar/studentar tenkjer når dei skriv på nynorsk? ved Tormod Stauri, høgskolelektor ved Høgskolen i Hedmark

13.25 Østfold er fjernt frå "nynorskland", men likevel mykje i dialekta som kan brukast i nynorskundervisninga ved Magne Aasbrenn, lektor ved Frederik II vidaregåande skole og leiar i Østfold Mållag
13.50 Pause

14.00 Sidemålsopplæringa i eit fleirspråkligheitsperspektiv ved Lars Anders Kulbrandstad, professor ved Høgskolen i Hedmark

14.25 Språkhistorie og symbolmakt ved Gunnar Skirbekk, professor em., Universitetet i Bergen
14.50 Avslutting

Det er sett av litt tid til debatt etter kvart innlegg. 

Seminaret er ope for alle og det er gratis. Det er ikkje servering i pausane. Det er kaffiautomat. Men ta gjerne med matpakke og termos! 

Kontaktperson for seminaret er Jens Haugan. E-post: jens.haugan@hihm.no Les meir om seminaret på Facebook.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no