Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Lytt til ordføraren i Åseral!

 (02.02.2016)

Noregs Mållag stør ordføraren i Åseral, Oddmund Ljosland, i si uro for nynorsken i ein eventuell framtidig ny storkommune.

– Kjem ikkje nynorsken styrkt ut av reformarbeidet, meiner Noregs Mållag det er rett å seia nei til samanslåing, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. 

Mange kommunar sit no ved forhandlingsbordet før dei eventuelt skal slå seg saman med andre kommunar, og Noregs Mållag ser at uroa til Åseral-ordføraren er heilt rettkomen.

– Mange stader taper nynorsk i desse forhandlingane, og mange stader er ikkje språket ein gong diskutert. Der nynorsken kjem i mindretal, syner det seg at det er svært vanskeleg å få gjennomslag for vedtak som er til det beste for nynorsken, seier Marit Aakre Tennø.

I Rapporten «Frå Askvoll til Åseral» har Noregs Mållag peika på at førre kommunesamanslåingsrunde var eit hardt slag for nynorsken. No ser me at ei ny storstila samanslåing av kommunar kan gjera at nynorsken på ny kjem dårleg ut.

– Særleg i randsonene for nynorsken ser det ut til at små nynorskkommunar kan verta slukte inn i nye språknøytrale kommunar eller bokmålskommunar, og at det ikkje er politisk vilje lokalt til å ta omsyn til nynorsken, seier Marit Aakre Tennø.

Noreg har ikkje ein nynorskkommune å mista!

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no