Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag 110 år!

 (05.02.2016)

Noregs Mållag vart skipa på eit målstemne i Oslo 4.-5. februar 1906.

Etter at unionsoppløysinga var fullført seinhausten 1905, byrja målfolket å drøfte korleis den sterke nasjonale bølgja gjennom året kunne utnyttast til framgang for landsmålet. Hausten 1906 skulle det vere stortingsval, og målrørsla hadde tidlegare hatt vanskar med å opptre som samla politisk pressgruppe. Difor tok sentrale målfolk i hovudstaden initiativet til det fyrste nasjonale målstemnet 4. februar 1906, dagen før Venstre-landsmøtet skulle vedta valprogram.

På kort varsel møtte 131 utsendingane frå heile landet så nær som Troms og Finnmark, og målstemnet samla seg om kravet som mange i målrørsla no såg som det viktigaste: obligatorisk sidemålsprøve til examen artium. Dette vart òg vedteke av eit breitt fleirtal på Stortinget i 1907.

På slutten av målstemna, i eittida natt til 5. februar, vart så Norigs maallag skipa til stor jubel etter framlegg frå bladstyrar i Gula Tidend, Johannes Lavik, leiaren for målfolket vestafjells. Professor Marius Hægstad vart fyrste formann.

Gjennom dei siste tiåra på 1800-talet hadde det kome stadig fleire bøker av alle slag, aviser og blad på landsmål. Det politiske gjennombrotet fekk landsmålet i dei to tiåra etter sigeren for parlamentarismen i 1884. Ein nøkkel til suksessen var den sterke stillinga målsaka hadde i dominerande delar av Venstre. Funksjonen som sentralorganisasjon for målrørsla vart ivareteken av Det Norske Samlaget (skipa 1868) og etter skipinga i 1896 av Noregs Ungdomslag, som i 1906 hadde kring 550 lokallag med 28 000 medlemer. Ungdomslaga var sentrale i den store framgangen for landsmålet på lokalplan i åra etter hundreårsskiftet.

Noregs Mållag var veikt dei fyrste åra, og ambisjonane avgrensa seg til å formulere krav på vegne av målfolket framfor stortingsvala kvart tredje år. Men frå 1912-13 byrja ei systematisk oppbygging av samskipnaden, og arbeidet vart utvida til å stø aktivt opp om verksemda til dei stadig fleire lokale mållaga og fylkesmållaga. Noregs Mållag etablerte seg no raskt som hovudorganisasjon for målreisinga, ein posisjon laget framleis har.

Medlemstalet har vore stabilt og variert mellom 9000 (1918), 17 000 (1979) og 12 000 (2016). Drifta av Noregs Mållag har heile tida i all hovudsak vore finansiert av kontingent og gåver frå medlemene. Frå Fyrste verdskrigen til noko opp i etterkrigstida var òg inntekter frå kaffistovar og bondeheimar viktige.

Gjennom hundre og ti år har Noregs Mållag vore ei drivkraft i å gjere nynorsk til bruksspråk på alle samfunnsområde. Saker som mållaget har arbeidd med, spenner frå skipinga av offentlege landsgymnas (1916) og nynorskopplæring på alle nivå i utdanningssystemet gjennom oppnorsking av stadnamn (som Kristiania – Oslo) og lov om målbruk i statstenesta (1930) til nynorsk i aviser, kringkasting og informasjonsteknologi.

Oddmund Hoel
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no