Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Flora forlet bokmålet

 (11.02.2016)

– Det er veldig gledeleg at Flora kommune no går over til nynorsk opplæring, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– Innvandrarsenteret i Flora er eit av dei største sentera i Sogn og Fjordane. Dei gjev tilbod til om lag 180 vaksne elevar i norsk. Dermed aukar det stadig med kommunar som tilbyr nynorskopplæring til vaksne innvandrarar, seier Tennø.

På Innvandrarsenteret vert det ein gradvis overgang til nynorsk opplæring. Etter at fleire mindreårige flyktningar har vore elevar på ungdomskulen der undervisninga er på nynorsk, har det kome fram sterke ynske frå foreldra om at det også skal vere nynorsktilbod på Innvandrarsenteret.

Flora kommune har tidlegare hatt eit sterkt innslag med bokmål i sentrumsskulen, men i dag er det heile 1532 nynorskelevar mot 77 bokmålselevar i Flora.

42 kommunar 

Når Flora no går over til nynorskopplæring, er det berre tre kommunar att i Sogn og Fjordane som berre tilbyr bokmålsopplæring. Det gjeld Bremanger, Vågsøy og Selje. Pr. februar 2016 er det 42 kommunar som gjev nynorskopplæring eller har vedtak om å gå over til nynorskopplæring for dei vaksne innvandrane. Her finn du oversikta over kommunane

Les meir om kampanjen for nynorskopplæring for vaksne innvandrar: NyNorsk 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no