Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. APRIL 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ros i Valdres

 (19.02.2016)

171 ung­dom­mar frå hei­le Vald­res le­ver­te bi­drag i skri­ve­tev­lin­ga til Valdres Mål­la­g, og målprisen 2016 gjekk til Wangensten AS.

Tu­rid Færden Wan­gen­sten og Jørn Færden Wan­gen­sten tek i mot heider frå Rei­dun Døle­hu­set, leiar i Valdres Mållag.

På års­mø­te­fes­ten til Vald­res Mållag i Rein­li søn­dag fekk Wan­gen­sten AS Mål­pri­sen 2016. Lei­ar i Vald­res Mållag, Rei­dun Døle­hu­set, kun­ne for­tel­ja at kon­ser­net får mål­pri­sen fordi kon­ser­net bru­kar ny­norsk både på nett­si­der og pro­dukt, som ho­vud­sak­leg be­står av rak­fisk og ost, og som dei mellom anna leverer til kje­de­bu­tik­kar i Vald­res og Meny over hei­le lan­det.

– Mål­pri­sen er ein stor ins­pi­ra­sjon for oss til å hal­de fram med å bru­ke ny­norsk på pro­duk­ta våre, sa Jørn Færden Wan­gen­sten, då han og kona Tu­rid Færden Wan­gen­sten tok imot pri­sen.

 

Skri­ve­tev­lin­ga til Valdres Mållag har vore ski­pa til kvart einaste år si­dan 1989, og i lø­pet av desse åra har rundt 4000 sku­le­ele­var del­te­ke og fått sine del­ta­kar­dip­lom. I år deltok heile 171 ung­dom­mar, og dei yng­ste had­de som opp­gå­ve å skri­ve om kjæ­le­dy­ret sitt, mellom­ste­get var ut­ford­ra til å skri­ve om støls­liv, og dei eld­ste skul­le skri­ve kro­nikk om ung­doms­til­bod i Vald­res. Mag­nus Bergsbakken frå Et­ne­dal vann fyrstepremien på småsskulesteget og In­ge­bjørg Bratrud på ung­doms­sku­le­ste­get.

Bjørn Karsrud
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no