Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Knut Falk er ny leiar i Sunnmøre Mållag

 (02.03.2016)

Knut Falk frå Hareid vart vald som ny leiar i Sunnmøre Mållag på årsmøtet i helga. 

Han tek over for Solveig Linge Stakkestad frå Valldal, som held fram i styret saman med Magnar Storøy frå Herøy og Kristian Fuglseth frå Hareid. Camilla Auflem Vik frå Sande vart vald inn som ny styremedlem.

– Arbeidet med språket i eventuelle nye kommunar vert viktig, seier Knut Falk, ny leiar i Sunnmøre Mållag. 

Tidlegare rådmann i Sula kommune, Øystein Grønmyr, har leia prosjektet om språk og kommunereform. Saman med Terje Kjøde og Knut Falk har Grønmyr utarbeidd ein rapport som vart lagd fram på Sunnmøre Regionråd sitt representantskapsmøte sist veke. Der vart forslaget om nynorsk som administrasjonsspråk godt motteke.

– Grønmyr sitt arbeid om kva språk har å seie for den sunnmørske identiteten, og oppteljinga hans av nynorsk som det definitivt største språket på Sunnmøre, vil ha mykje å seie for innhaldet om lokal identitet i ein eventuell ny kommune, kommenterte fleire av dei frammøtte ordførarane.

– Nynorsk må vere administrasjonsspråk 

– Å ta nynorsken frå ein sunnmøring er det same som å ta grunnmuren frå heimplassen vår, seier nyvald leiar i Sunnmøre Mållag, Knut Falk.

Nynorsk er det skriftlege uttrykket for dialektane på Sunnmøre. Og nett nynorsk  må få ein sentral plass i utgreiingsarbeidet om kommunereforma, som ein viktig del av den lokale identiteten.  Nynorsk er det sjølvsagde skriftspråket på Sunnmøre, og ein ressurs for heile landsdelen.

Sunnmøre Mållag vil vere med i utforminga av punktet lokal identitet til ein eventuell storkommune der også Ålesund er med. Det må vere semje om kva dette punktet skal vere, før folkerøystingane finn stad.

Skal ein gje innhald i visjonen om lokal identitet, må nynorsken få ein sentral plass. Sunnmøre Mållag vil at nynorsk framleis skal vere administrasjonsspråk i kommunane.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no