Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Østfoldmålprisen 2016 til Eldbjørg Skaug

 (07.03.2016)

Frå venstre: Magne Aasbrenn, leiar i Østfold Mållag, Eldbjørg Skaug og Erik Unaas, ordførar i Eidsberg kommune.

Østfold Mållag gir Østfoldmålprisen 2016 til Eldbjørg Skaug. Frå venstre: Magne Aasbrenn, leiar i Østfold Mållag, Eldbjørg Skaug og Erik Unaas, ordførar i Eidsberg kommune. 

Prisen får ho for arbeidet ho har gjort heilt sidan 1980-talet for å styrke lokalt språk og identitet i heimkommunen Eidsberg og i Østfold. Ho var med blant initiativtakarane som stifta Østfold Mållag i 1989 og har sidan hatt tallause verv i organisasjonen.

Ved sidan av arbeid som norsklærar har ho vore ei drivande kraft for å ta vare på kulturen til bygdekvinnene i heimbygda, noko som særleg viste seg ved utgivinga av boka Essbærliv i 2010. Saman med sju andre medlemmer av Heen bygdekvinnelag arbeidde ho i to år for å sette saman denne boka. I førsten var det meininga at dei skulle lage ei ordbok, men så blei prosjektet utvida til at dei skreiv om oppveksten sin og om kvardagslivet på gardane, i hus, kjøkken og stue. Alt dette blei skrive på dialekt.

I arbeidet med Essbærliv var Skaug prosjektleiar og språkkonsulent da dei samla minnestoff frå området ved Eidsberg kirke og sørover og austover til Rakkestad. Boka blei ein stor suksess som viste at i ei global tid er det framleis ei blomstrande interesse for det heilt lokale. Her er for eksempel namna på tidene på dagen på essbærmål: gryning, morra, førmædda, mæddastid, efta’n, skymring, kvæll, natt. Dette er både presise nemningar og poesi.

Eldbjørg Skaug har også blant anna skrive historiske artiklar om livet ved tømmerlensene i Eidsberg.

I Mållaget har Eldbjørg også vore ein støttespelar i snart tretti år. Ho var leiar for fylkeslaget i 1992 og 1993 og sat i fylkesstyret i ei lang rekke år før ho gjekk ut i 2015. Samtidig har ho vore ei drivande kraft i Indre Østfold Mållag med arrangement på og rundt Skjørshammer brygge og markeringar av Ivar Aasens arbeid og vandring i Indre Østfold. Ho har gjort eit stort arbeid for at østfoldmålet skal leve vidare i unge slekter, det gjeld både i yrket som norsklærar og som ein inspirator med ein god del av æra for at fylket nå også har eit målungdomslag.

 

Østfoldmålprisen går til personar som har arbeidd for å styrke prestisjen til folkemålet i Østfold. Den første utdelinga gjekk til professor Einar Lundeby i 1996. Seinare har prisen blant andre gått til Hans-Jørgen Olsen, Kalle Øby, Vivi Haug, Kristian Strømshaug, Øyvind Bremer Karlsen, teiknaren Øistein Kristiansen og Harald Zwart og Bjørn Nagell (for ”Lange, flate ballær”-filmane). I 2015 gjekk prisen til forskarane Tom Schmidt og Margit Harsson for bokserien ”Bustadnavn i Østfold”.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no