Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Spennande konferanse om integrering

 (08.03.2016)

– Vi er veldig godt nøgde med konferansen, seier Haakon Aase, leiar i Meland Mållag og styremedlem i Noregs Mållag. 

– Det var interessante innleiingar og mange nyttige diskusjonar, og veldig godt deltakartal. Det var godt over 70 deltakarar på konferansen og dei kom frå heile Hordaland. Dette er eit emne som fleire er opptekne av. Det var både folkevalde, tilsette på vaksenopplæringar og andre interesserte. 

Det var mållaga i Lindås, Meland og Radøy som inviterte til konferanse. I desse tre kommunane i Nordhordland lærar dei vaksne innvandrarane bokmål. Men Mållaga meiner at tida er inne for å skifte til nynorsk.

– For oss har det vore viktig å få fram at vi går inn for nynorsk opplæring i kommunane våre, men konferansen handla om meir enn det. Vi ynskjer best mogleg integrering, og det er viktig å snakke om korleis ein får det til, seier Haakon Aase.

Mona Steiner Brekkan og Roy Thomassen frå Vaksenopplæringa i Austrheim kommune snakka om korleis drive tilpassa norskopplæring av flyktningar, og Ann Kristin Helland Gujord, fyrsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, snakka om utfordringar for vaksne innvandrarar i møte med norsk som andrespråk. Ho peika på at for mange vert det ei utfordring at vi har ulike dialektar og at vi snakkar fort. Og at eldre innvandrar opplever at det er vanskelegare å lære seg eit nytt språk enn for dei som er yngre.  

Gunnar Flatland snakka om erfaringar frå Førde norsksenter. Der hadde dei tilsette sjølve og rektor avgjort at dei ynskte å gå over til nynorsk opplæring, fordi dei opplevde det som ei rett pedagogisk vurdering. Han understreka, som mange andre, at det er viktig å få meir læremiddel og lærebøker på nynorsk. 

Sissel Vollan, seniorrådgjevar i Vox. Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, la fram kva som er tilbodet av læremiddel for vaksne minoritetsspråklege. Ho fekk tydeleg melding om at det er viktig at Vox stiller opp, og gjer ein innsats for å meir nynorske læremiddel. 

– Dette er språkpolitikk

– I Os førre veke gjekk diskusjonen høglytt om opplæringsspråket. Og frå mange kom utsegna: det viktigaste er at dei lærer seg norsk. Men kva er norsk, spurde Marit Aakre Tennø i sitt sluttinnlegg på konferansen.

– I språkspørsmål er nøytralitet umogeleg. Det finst ingen nøytrale val, ein må velja det eine eller hitt. Frå dei som ikkje ynskjer nynorskundervising høyrer me at dette ikkje må verta språkpolitikk. Svaret mitt på det er at det allereie er språkpolitikk. Sjølvsagt er spørsmålet om kva språk ein lærer dei som kjem til kommunen språkpolitikk, seier Marit Aakre Tennø.

– Som me har sett finst det mange kommunar der så mange som 15 prosent av dei som bur i kommunen har vandra inn frå ein annan del av verda. Om kommunen heilt medvite lærer 15 prosent av folket eit anna språk enn det kommunen brukar så er det klart det er ein massiv bokmålskampanje som ikkje berre er språkpolitikk, men som får språkpolitiske konsekvensar.

Lokalavisa Strilen var på møtet og laga denne saka for halvdagskonferansen

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no