Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ein målvind over Troms og Finnmark

 (11.03.2016)

I 2015 opplevde mållaga i Troms og Finnmark ei auke i medlemstalet på 43 medlemer, og er no oppe i 242 medlemmar.

Prosentvis er auken på heile 21,6 %. Desse tala vart presentert då Troms og Finnmark mållag hadde fylkesårsmøte i Tromsø sist helg. Alle dei seks laga, medrekna det nystarta Senjamållaget, har fått fleire medlemmar gjennom året. I tillegg er det eit aktivt studentmållag ved Universitetet i Tromsø, Noregs arktiske universitet.

– Me gler oss over at fleire i Troms og Finnmark engasjerer seg i målsaka og melder seg inn og vert aktive i mållaget, seier Sæmund Stokstad, leiar i Troms og Finnmark mållag. No er det seks aktive lokallag i Troms og Finnmark: Varanger mållag, Målselv mållag, Balsfjord mållag, Tromsø mållag, Senjamållaget og Harstad og omland mållag.

– Målsaka er òg relevant her i nord, både når det kjem til å fremje dialektbruk og sjølvsagt for å syne at nynorsk er eit reelt alternativ til bokmål som norsk skriftspråk, seier Sæmund Stokstad.

Dei ulike lokallaga vil det neste året arbeide med målsaka på forskjellige vis, gjennom kulturelle arrangement og ved å ta opp og diskutere ulike aktuelle språkspørsmål.

– Er du oppteken av dialektbruk og nynorsk skriftspråk, uavhengig av kva dialekt eller skriftspråk du sjølv brukar, er du hjarteleg velkomen til å melde deg inn og engasjere deg hjå oss, avsluttar Sæmund Stokstad.

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no