Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Skål for Vinmonopolet

 (13.03.2016)

48 nynorske Vinmonopol-butikkar: I Gloppen ynskjer butikkekspeditør Linn Therese Ommedal Haram velkomen til ein nynorsk Vinmonopol-butikk. 


Heile 48 av 49 vinmonopol i nynorskkommunar har blitt omprofilerte til nynorsk. 

I 2011 slo Kulturdepartementet fast, etter brev frå Voss Mållag, at vinmonopola skal rette seg etter mållova og skilte og ha informasjonen på nynorsk ved utsala i nynorskkommunar. Etter ei ringerunde frå Mållaget syner det seg at det er 48 av 49 pol som profilerer seg på nynorsk. 

– Det er ei glede å sjå at Vinmonopolet har retta seg etter pålegget frå Kulturdepartementet på eksemplarisk vis. Dei fortener ein skål, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. 

– Det syner at å leggje om språket i kjedeprofilering er fullt gjennomførbart. Her har andre, til dømes butikkjeder, noko å lære, seier Marit Aakre Tennø.

Mållaget meiner at private bør kome etter og utfordrar særleg daglegvarebransjen til å gjere som Vinmonopolet, nemleg å profilere seg på nynorsk i nynorskområde. 

I desse dagar sender Mållaget eit takkebrev til alle dei nynorske vinmonopola, der det også er lagt ved Nynorsk verksemd-klistremerke til kvar enkelt.  

Lese meir om Nynorsk verksemd-kampanjen. 

***

Polutsal i nynorskkommunar: 

Buskerud: Gol, Ål og Hemsedal

Hordaland: Austevoll, Bømlo, Etne, Os, Voss, Osterøy, Stord, Fusa, Kvinnherad, Fjell, Lindås, Kvam og Radøy

Møre og Romsdal: Ørsta, Volda, Vestnes, Vanylven, Ulstein, Sykkylven, Surnadal, Stranda, Herøy, Sula og Haram 

Oppland: Lom, Vågå, Øystre Slidre og Nord-Fron 

Rogaland: Time, Klepp, Sauda og Vindafjord 

Sogn og Fjordane: Askvoll, Flora, Førde, Høyanger, Luster, Vågsøy, Sogndal, Gloppen, Stryn, Eid og Årdal.

Telemark: Bø, Seljord og Vinje

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no