Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Magne Aasbrenn er innstilt som ny leiar i Noregs Mållag

 (18.03.2016)

Magne Aasbrenn (60) er frå Fredrikstad og er i dag lektor ved Frederik II videregående skole. Han blir den fyrste leiaren i Noregs Mållag frå Østfold. 

– Det er viktig at kommunereforma ikkje skal gå utover nynorsken. Og vi må halde fram arbeidet med å sikre nynorsken i randsonene våre. Fram mot stortingsvalet i 2017 må vi arbeide politisk for at sidemålsordninga skal liggje fast, seier Magne Aasbrenn.

– Eg kjem frå Østfold og frå min ståstad er det eit mål at det skal bli heilt vanleg og normalt for folk på Austlandet å skrive nynorsk, at ikkje dei skal bli utsette for press om å tilpasse seg til bokmål. Det gjeld både innfødde og nytilflytta, seier Magne Aasbrenn.

Magne Aasbrenn har ei lang forhistorie som forkjempar for østfolddialekten.

– At eg no er blitt beden om å bli leiar i Noregs Mållag, ser eg som ein god skulderklapp for at østfolddialekten er ein naturleg medlem i dialektfamilien i Noregs Mållag, smiler Magne Aasbrenn.

Magne Aasbrenn var aktiv medspelar då Fredrikstad Blad gav ut ei heil avis berre på fredrikstaddialekt i høve Språkåret 2013.

– Seinare same året, på bursdagen til Ivar Aasen 5. august, kom Bergens Tidende med ei avis skriven berre på nynorsk. Det syner at østfoldingane også kan vere med å gje hjelp til nynorsken i Bergen og på Vestlandet, seier Magne Aasbrenn.

Magne Aasbrenn byrja å skrive nynorsk i 1991 og har vore leiar i Østfold Mållag sidan 2002. Han debuterte med romanen Banna ben på fredrikstaddialekt på Aschehoug i 1978. I 1990 gav han ut Hjelpebok i nynorsk for østfoldingar.  

Framlegg frå valnemnda til ny nestleiar er Jens Kihl (29) frå Oslo og politisk journalist i Klassekampen. Har tidlegare hatt fleire sentrale verv i målrørsla som leiar i Norsk Målungdom og nestleiar i Noregs Mållag.

Framlegget til nytt styre ser slik ut: Inger Vederhus (62) oppvaksen i Flora og bur i Bærum, førstelektor i norsk ved grunnskulelærarutdanninga, Høgskolen i Oslo og Akershus. Inger Johanne Sæterbakk (34) oppvaksen i Orkanger og bur i Oslo, kommunikasjonsrådgjevar hjå Norges Bondelag, Peder Lofnes Hauge (27) oppvaksen på Sandane i Gloppen og bur i Bergen, politisk rådgjevar for sosialbyråd for Venstre i Bergen. Ingrid Fiskaa (38) oppvaksen og bur på Bryne, lektor ved Sandnes vgs.

Varafolk: 1. vara: Haakon Aase (66), Meland, 2. vara: Randi Lohndal Frestad (68), Lista, 3. vara: Birgitta Lim Ersland (26), Oslo og 4. vara Øyvind Fenne (64), Fræna.

Landsmøtet i Noregs Mållag er fredag 15. april til sundag 17. april 2016 på Hotell Terminus i Bergen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no