Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Den umogelege språknøytraliteten

 (04.04.2016)

Språkspørsmålet i Møre og Romsdal fylkeskommune har til no fått handla for mykje om kjensler og for lite om politikk. For sjølvsagt er språkvala til kommunar, fylkeskommunar og staten politikk. Alle desse politiske vala er ein del av vår samla nasjonale språkpolitikk og er med og påverkar stoda åt språka våre. Kommunar, fylkeskommunar og staten har eit ansvar for dei offisielle språka i Noreg, for bokmål og nynorsk og for dei samiske språka og kvensk.

Det er eit grunnleggande demokratisk prinsipp at det er opp til dei folkevalde å styre språket til kommunar og fylkeskommunar, ikkje den einskilde byråkrat. Med framlegget frå Høgre i fylkestinget om språknøytral fylkeskommune får byråkratiet makta over språket til fylkeskommunen. Byråkratane sine personlege val skal styre kva språk fylkeskommunen skal ytre seg på.

Diverre ser ein at når språkval skjer uregulerte, vert det mindre nynorsk  Mange stader vert valet bokmål fordi moderne tekstsamarbeid og tekstproduksjon gjer at språket alle meistrar, bokmålet, vert det minst konfliktfylte alternativet. Me ser òg at når administrasjonar som skal produsere nynorsktekst ligg i bokmålsområde, vert nynorskmotstanden større. Ein språknøytral fylkeskommune utan eit einaste formelt språkkrav retta mot seg vil gjere det vanskelegare for nynorskbrukarane å skrive på eige språk. Kven skal gje seg om tre nynorskbrukarar og tre bokmålsbrukarar  saman skal skrive ei årsmelding eller ein rapport? Språknøytraliteten vil gjere vala mellom språka meir konfliktfylte, og når nynorskbrukarane må kjempe for å bruke språket sitt, gjev diverre mange opp.

I dag er nynorsken eit mindre brukt språk enn bokmålet. Sjølv om nynorsk er utbreidd i Møre og Romsdal, har til dømes dei store nasjonale riksavisene framleis redaksjonelt forbod mot nynorsk. Nynorskbrukarane må jamt leite meir for å finne språket sitt rundt seg enn bokmålsbrukarane må. Bokmålet omgjev oss alle. Nett denne sterke posisjonen til bokmålet som majoritetsspråk, gjer at nynorsken er meir utsett. Det er lettare å bruke eit språk som ein ser rundt seg heile tida, enn eit ein ser mindre av og som ein diverre kan møte fordommar mot.

Om fylkeskommunen held fram med å vere ein nynorsk fylkeskommune, tyder ikkje det at innbyggjarane i Møre og Romsdal vert drukna i nynorsk, det tyder heller at nokon produserer noko meir nynorsk inn i havet av bokmålstekst som omgjev oss alle. Det tyder at nokre byråkratar som heller ville ha skrive på bokmål, må skrive på nynorsk. Dette må dei på same måten som dei må utføre ein heil del anna politikk som fylkestinget vedtek at dei skal utføre, politikk som kan stride mot deira personlege ynske. Det er heller ikkje slik at alt byråkratiet skriv, må vere på nynorsk. Alt i dag er det stor fridom til å nytte det språket ein vil internt.

Fordelen med språkelege retningsliner er at dei ikkje gjer det usikkert kva for språk kvart einskild av alle dei store dokumenta som byråkratane samarbeider om å skrive, skal skrivast på.  Ein annan fordel er at nynorskbrukarane, ikkje må vere dei som alltid må gje seg når språk skal avgjerast, fordi dei uansett meistrar bokmål. Ein heilt «nøytral» språkpolitikk går ut over dei som skriv det mindre brukte språket, og ein slik språkpolitikk gjer det vanskelegare å vere nynorskbrukar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Ein framleis nynorsk fylkeskommune er eit viktig bidrag til å halde oppe og styrke nynorsken ved å gjere han meir synleg.

Fylkeskommunen bør ta ansvar for å hegne om og bruke nynorsken. Ingen språkval er nøytrale. Ein må anten velje det eine eller den andre. Med eit språknøytralt vedtak trekkjer ein berre på akslane og seier at språk er noko som får vere opp til den einskilde byråkratens private ynske.

Marit Aakre Tennø
Leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no