Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sætre attvald i NMU

 (04.04.2016)

Skulen er ein av få stadar ein kan styre kva språk elevane ser, seier Synnøve Marie Sætre. (Foto: Ole Gunnar Dybvik)

 

På Norsk Målungdom sitt landsmøte i Malvik vart Synnøve Marie Sætre (25) frå Ørsta attvald leiar. Ho får i oppgåve å leie ungdomsorganisasjonen vidare det neste året.

Norsk Målungdom hadde landsmøte i Malvik i helga. Språkengasjert ungdom frå lokallaga over heile landet møttest for å forme organisasjonens politikk i tida framover. Målungdomen vedtok mellom anna arbeidsprogram for den neste perioden og tillegg til program for språk i skulen.

Synnøve Marie Sætre vart aktiv i Målungdomen gjennom Studentmållaget i Oslo og har sete tre år i sentralstyret. Det siste året har ho vore leiar, og er no vald for eit år til. – Året som leiar har berre gjort meg endå meir engasjert i målsaka, og eg ser fram til å leie organisasjonen og vere med på å setje dagsorden i språkdebatten i året som kjem, seier Sætre. Som den viktigaste politiske prioriteringa nemner ho språk i skulen.

– Nynorskelevar er i ein annan situasjon enn bokmålselevane. Medan bokmålselevane har høve til å sjå hovudmålet sitt elles i samfunnet, ser nynorskelevar mykje mindre av språket sitt i bruk. Skulen er ein av få stadar ein kan styre kva språk elevane ser, og difor er skulen ein særs viktig arena for å sikre at nynorskelevane får sjå tilstrekkeleg mykje av hovudmålet sitt, seier Sætre.

– Det er viktig at elevane vert trygge og medvitne språkbrukarar. Mange stadar der nynorskelevane er i mindretal, får dei gjerne ikkje sjå språket sitt som undervisningsspråk utover sidemålsundervisninga til medelevane sine. Mykje av løysinga ligg difor i at nynorsk må brukast meir i andre fag enn norsk. Me vil òg jobbe for at retten til å sjå hovudmålet sitt som undervisningsspråk dei sju fyrste åra av grunnskulen skal utvidast til å gjelde alle ti åra av grunnskulen, seier den nyvalde leiaren.

Med seg på laget i sentralstyret får ho nestleiar Fredrik Hope frå Hyen, Kirsti Lunde frå Lom som skrivar, Hans Rasmus Glomsrud frå Eidsberg som økonomiansvarleg, Kine Svori frå Jostedalen som sentralstyremedlem.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no