Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

KS kjem med opplæring på nynorsk for folkevalde

 (08.04.2016)

Etter neste kommuneval, i 2019, kan norske lokalpolitikarar sjå fram til å få folkevaldopplæringa si på nynorsk.

Fram til no har læringsmateriellet berre vore tilgjengeleg på bokmål, og dette har vore ei kjelde til frustrasjon i nynorskkommunane. Det er KS som tilbyr dei aktuelle kursa, og  administrerande direktør i KS, Lasse Hansen, seier til LNK-nytt at han forstår frustrasjonen.

– Det er naturleg at dette læringsmateriellet også vert tilgjengeleg på nynorsk, og dette er ei sak eg kjem til å ta opp med styreleiar i KS med det første, seier Lasse Hansen.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og KS drøfta saka denne veka, og vart då einige om å samarbeida tettare i tida som kjem, for å tydeleggjera KS sin språkpolitikk.

Ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven, var med på møtet og er svært nøgd med resultatet:

– Språk er ein viktig del av identiteten vår og det er viktig at ein organisasjon som KS, som organiserer alle kommunane i landet, har ei offensiv haldning også på dette området, seier Kleven. Vinje kommune var ein av fleire som etter kommunevalet i fjor reagerte på at materiellet rundt folkevaldopplæringa berre finst på bokmål.

– Dette var eit positivt møte, og eg ser fram til eit godt samarbeid med KS om temaet språk framover, seier Vidar Høviskeland, dagleg leiar i LNK. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no