Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk næringslivspris til Gudbrandsdalsmat

 (12.04.2016)

Gudbrandsdalsmat har fått tildelt Nynorsk næringslivspris 2015. Marit Aakre Tennø (i midten), leiar i Noregs Mållag, var i dag på Otta for å dele ut prisen. Styreleiar Marianne Stensgård (t.v) og dagleg leiar Anette Svatun (t.h.) tok i mot på vegne av Gudbrandsdalsmat. 

Gudbrandsdalsmat er eit andelslag som sel og distribuerer varer frå 25 matprodusentar i Gudbrandsdalen, og bruker nynorsk i all samla marknadsføring og informasjon. Produsentane kjem frå Lillehammer i sør til Skjåk i nord, eit område som femner både bokmål og nynorsk.

– Med sin medvitne språkbruk er Gudbrandsdalsmat med på å styrkje bruken av nynorsk i Gudbrandsdalen. Gjennom oppskrifter og produktark når dei ut til sluttbrukarar over heile landet, og all marknadsføring på den nasjonale marknaden synleggjer nynorsk som eit godt næringsspråk, skriv juryen i si grunngjeving. 

Ein eigen jury avgjer kven som får prisen etter ein runde der alle kan koma med framlegg. I år er juryen Nina Refseth (Oslo), Nina Berge Rudi (Sør-Fron), Hilde Havro (Oslo), Øystein Skjæveland (Kvinnherad) og Magne Aasbrenn (Fredrikstad). Juryen håpar prisen er til inspirasjon til at fleire bedrifter i Gudbrandsdalen blir stolte av nynorsken og tek han aktivt i bruk.

Vinnaren av Nynorsk næringslivspris får eit diplom som eit synleg prov på heideren og får tilbod om å marknadsføra seg i eitt år i medlemsavisa til Noregs Mållag, Norsk Tidend, på heimesida og sosiale medium til Mållaget og med standplass under nasjonale tilskipingar. 

Nynorsk næringslivspris er ein nasjonal pris stifta av Noregs Mållag. Han vart fyrste gong delt ut i 2006. Føremålet med prisen er å fremja innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd. Denne gongen er det ein lokalmatvaredistributør som får prisen, og prisen går for fyrste gong til ei næringsverksemd på Austlandet. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no