Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sola skin over nynorskbyen Bergen

 (13.04.2016)

Det er meldt finver og sol til helga. Eg trur det er ikkje tilfeldig. For då held Noregs Mållag for fjerde gong i soga landsmøte i Bergen, på Grand Hotel Terminus. I nynorskbyen Bergen. I Vestlandets hovudstad, , skriv Oddny Miljeteig i hennar faste spalte i Bergensavisen. 

Eg flytte attende til Bergen i 1982 etter fem år i Oslo. Framleis hugsar eg den gode kjensla det var å sjå Bergens Tidende i avisstativa med framsideoverskrifter på nynorsk. Eg kjende meg heimkomen, heime, slik Bård Vegar Solhjell frå Naustdal formulerte seg i BAs systeravis fredag som var: «For når eg går inn på ein pub, eller bort i Marken for å handle, eller over Torgallmenningen, eller snakkar til ei gruppe studentar, så høyrer eg dialektane frå heile Vestlandet. Dei smeltar saman, og eg kjenner meg heime. Og blir mint på at Bergen er ein by for vestlendingar..» Og så legg Solhjell til: « men kunne ha vore så mykje meir.» For det fekk han støtte frå Georg Arnestad i gårsdagens BT, som skreiv at Bergen aldri vart den vestlandshovudstaden han kunne ha blitt. Eg kjenner eg er litt meir optimist i så måte.

Bergen er vestlandshovudstaden, sjølv om dei no gjer ein durabeleg freistnad i sør med å slå saman Stavanger, Sandnes og Sola. Og ja, eg veit at Bergen har vore for lite audmjuk og inkluderande overfor resten av Vestlandet. «Stril» var opphaveleg ikkje noka heidersnemning i Bergen. Men i så måte skil ikkje Bergen seg frå andre byar, som jamt har hatt eit nedlatande forhold til omlandet sitt – og sett på dialektane der som det simplaste som fanst av talemål. Kanskje då bortsett frå arbeidarklassens/underklassens språk i sjølve byen.

Bergen har nynorsk-skular. Av ein eller annan grunn står både Riple og Haugland på nedleggingslista til nye-byrådet i skulebruksplanen Harald Schjelderup og hans kvinner og menn har lagt fram. Det burde dei ikkje gjera. Og det ikkje «berre» på grunn av nynorsken. Bergen si historie med å gjera framtida så uviss for somme skular at foreldre vel andre skular for borna sine for å vera på den sikre sida, den historia burde ha fått sin slutt med det nye byrådet. Enno er ingenting avgjort. Bergen har bygder, og Bergen har nynorsk. Ja, Bergen er, anten Bergen vil eller ikkje, hadde eg nær sagt, nynorskhovudstaden. Det vert no synleggjort endå meir når Hordaland Teater flytter midt i hjarta av sentrum. Jon Fosse rista i 2014 godt i Den Nationale Scene då han kritiserte dei for berre å setja opp bokmålsstykke. No går i alle fall storsuksessen Tonje Glimmerdal for fulle hus på scena der. Og eg har ikkje høyrt nokon snakka eller skriva om «grautmål» eller «spynorsk» ved dette høvet.

I bystyreperioden 2003-07 vedtok bystyret i Bergen å oppmoda til bruk av nynorsk i kommunen. I Bergen kommune er det særs mange tilsette med nynorskbakgrunn. Det er ingen grunn til at ikkje desse skal farga kommunalske sakspapir med språket sitt, språknøytral som Bergen jo er. Elles veit vi nynorskingar at «språknøytralitet» oftast er ei anna nemning for bokmålsbruk, og slik hadde det vore i Bergen også. Men det kom meir nynorskbruk i både sakspapir og informasjonsblad frå kommunen etterpå. No trur eg det er på tide med ei ny oppmoding til nynorskkunnige i kommunen om å nytta nynorsken, til både kvardags og fest. Samrøystes, som førre gongen. For Bergen er heimen til oss nynorskingar også, og byen for eit stort nynorsk omland som strekkjer seg ut over fylkesgrensene. I mai i fjor vedtok fleirtalet i bystyret å innføra meir sidemål (les: nynorsk) i grunnskulen gjennom tidleg start med sidemål frå 3. klasse. Kven ville ha trudd det for, sei, 30 år sidan? Og i januar i år vedtok bystyret retningsliner for korleis rettane skal handhevast for nynorskelevar som er i mindretal i ungdomsskulen. Så langt som råd, bør nynorskelevane få gå i same klasse, sa bystyret. Det er noko anna enn å spreia dei utover på fleire klassar og ta frå dei samhaldet og det praktiske grunnlaget for å halda fram med nynorsken.

Finst det nokon by som har busett fleire nynorskforfattarar enn Bergen? Ein gong bad eg Norsk Forfattarsentrum om å telja opp for meg. Og i alle fall den gongen var det fleire nynorskforfattarar enn bokmålsforfattarar i byen blant dei sju fjell. Så må eg få nemna at Noregs einaste nemnde kandidat til Nobels fredspris dei seinare år, Jon Fosse, var busett i Bergen før han vart henta til Noregs æresbustad Grotten av Stoltenberg II-regjeringa. Dåverande byråd var nok meir opptekne av å få til fritak for sidemål (altså nynorsk) enn å utvikla Bergen som nynorskens hovudstad, og det hadde sjølvsagt Jon Fosse merka seg – og let ikkje Høgre få døy i synda om Erna Solberg prøver å skina i ljoset av Jon Fosse. Han fekk jo Nordisk Råds Litteraturpris sist – og det var elles på høg tid. Bergen Mållag er forresten største «reine» mållaget i landet, med Oslo Mållag hakk i hæl. Det er på sin plass, vil eg meina. Og dessutan er det mållag i både Arna og Fana, om eg ikkje mishugsar meg. Så slik sett er Bergen også nynorskbyen. Landsmøtet til helga er det fyrste Noregs Mållag held etter at storverket Norsk Ordbok vart ferdig nyleg. Over 330.000 ord, dialekt og nynorsk, du verda! Og no er det Universitetet i Bergen som i samarbeid med Høgskulen i Volda skal ta over språksamlingane og ordbøkene for framtida. For Universitetet i Oslo gadd ikkje meir. Det seier noko om kulturell navlelo-gransking der i garden, i hovudstaden austpå.

Og så: Etter alle solemerke å døma får Noregs Mållag til helga valt sin fyrste leiar frå Østfold i Magne Aasbrenn. Han er mannen som i Språkåret 2013 inspirerte Fredrikstad Blad til å gje ut ei heile utgåve på Fredrikstad-dialekt. Stikk den! Den innstilte nestleiaren er Jens Kihl frå Oslo, tidlegare leiar i Norsk Målungdom. Så kom ikkje her og sei at Mållaget er provinsielt! Eg tykkjer det er stas at Noregs Mållag held landsmøtet sitt 2016 i Bergen. I nynorskbyen Bergen, vågar eg å seia. Så er det opp til både bokmålingane og nynorskingane i Bergen kor raust byen vår kan utvikla seg vidare som også nynorsken og nynorskingane sin by. Det lovar i alle fall godt når Meteorologisk institutt melder solskin over landsmøtehelga til Noregs Mållag i Bergen!

Oddny I. Miljeteig

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no