Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Rekordstort landsmøte

 (14.04.2016)

I morgon, fredag 15. april klokka 12, opnar Marit Aakre Tennø landsmøtet i Bergen. Det er rekordpåmelding og over 200 kjem til å vere i landsmøtesalen. 

I fjor var fyrste året sidan 1948 der Noregs Mållag ikkje heldt landsmøte. I staden samlast organisasjonen til både vårseminar i Fredrikstad og haustseminar i Odda. I tillegg skipar stadig fleire lokallag til regionale seminar, der fylkes- og lokallaga møtest til målpolitiske ordskifte. Desse mindre møta blir stadig betre og viktigare, og er gode samlingar for organisasjonen.

– Det er likevel noko eige å samlast til eit landsmøte, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

– Særleg når det teiknar til å bli rekordstort. Det er mange år sidan me har vore så mange, og det er særs gledeleg at så mange lokallag tek seg tid og råd til å reisa til Bergen denne helga. No har me vorte så mange at hotellet ikkje kan husa alle, og me har vore nøydde til å ta i bruk andre hotell. Men dette er eit lukusproblem me lever godt med. 

– Vil det seia at grepet med å ha landsmøte annakvart har vore vellukka?

– Det er det vel for tidleg å seie noko om, men i år ser det i alle fall slik ut. Det vitnar om at lokallaga har venta på og gleda seg like mykje til dette som me sentralt har gjort. Men for å vera meir alvorleg: eg trur det er eit teikn på den stadig aukande aktiviteten i organisasjonen. Medlemstalet er høgt, lokallaga har høg aktivitet og det har kome til mange nye lag berre det siste året. Då er det naturleg også å vera med på den viktigaste samlinga i organisasjonen. Dette er ein møteplass for engasjerte målfolk, og eg håpar og trur mange vil finna ny inspirasjon som dei kan å ta med seg heim.

– Er det noko du særleg vil trekkja fram?

– Eg meiner sjølvsagt at alt er like interessant, frå innleiingane om nynorsk i fagrørsla, stadnamn og sosiale medium som skal inspirera til arbeid i laga, til språkrådsdirektør Åse Wetås sin tankar om dei lange linjene i norsk språkpolitikk. Det er viktig med spenn, og det trur eg me har fått til i år, seier Endresen.

Landsmøte er meir enn berre politikk. Fleire prisar vil bli delte under møtet, og i løpet av helga skal både Helge Jordal og Sigrid Moldestad underhalda møtelyden.  

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no