Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Inntek nynorskbyen Bergen

 (15.04.2016)

– Vi gler oss til landsmøtet, seier Synnøve Marie Sætre, leiar i Norsk Målungdom. Her saman med Marta Nagel-Alne (t.v), Fredrik V. Heimsæter og Aslaug Mork Topphol (heilt til høgre). For første gong på 16 år er Noregs Mållag tilbake i Bergen for å halde landsmøte, og det med eit rekordstort møte.

Over 200 deltakarar, fleire lag for første gong, har kome til byen denne helga. Det er eit offensivt mållag som møtest for den viktigaste målpolitiske samlinga i år. Mållaget har medlemsvekst og tel no over 12 000 medlemer.

Stemninga er naturlegvis spent, både blant gamle travarar og landsmøtedebutantar. For første gong talar LO til landsmøtet i Noregs Mållag, den nye språkdirektøren kjem, og sjølvsagt vert det ordskifte om nynorskbyen Bergen. Både rektor på Universitetet i Bergen og redaktør i Bergens Tidende møter i ordskiftet.

Programmet for helga er variert, og Noregs Mållag sparkar i gang kampanjen for norskopplæring for innvandrarar på nynorsk, og markerer den første nynorske biskopen, Peter Hognestad.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no